Serbias ambassadør takka for hjelpa

Fredag fekk Haukeland besøk av den serbiske ambassadøren med følge. Ambassadøren ønskte å takke for hjelpa landet fekk under flaumkatastrofen i 2014.

I 2014 vart Balkan ramma av ein flaumkatastrofe, og fleire byar og ei rekkje landsbyar stod under vatn. Over 400.000 menneske måtte forlate heimane sine og evakuerast, og mange omkom under flaumen.

Under denne krisa hjelpte Haukeland universitetssjukehus til med å få organisert ei innsamling av medisinsk forbruksmateriell frå dei ulike avdelingane på sjukehuset.

Avdeling for internasjonalt samarbeid stilte opp med lagerplass til innsamlingsaksjonen, og utstyret blei sendt til mottakar som var Røde Kors Serbia, Beograd.


Aleksandar Radulovic, medarbeidar frå Medisinsk/teknisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er frå Beograd, og han var initiativtakar til innsamlinga saman med sine landsmenn i Serbisk riksforbund i Noreg.

Med besøket fredag ønskte den serbiske ambassadøren å takke så mykje for hjelpa dei fekk frå Haukeland i forbindelse med flaumkatastrofen.