Radiologi i Malawi

Radiologiprosjektet starta i 2008, og er eit samarbeid mellom Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Kamuzu Central Hospital (KCH) for å støtte opp om prosjektet innan Ortopedi og kirurgi.

Prosjektet har vært finansiert av det Norske Fredskorpset som eit utvekslingsgprogram.

Målsettinga er å sikre ein berekraftig avdeling på KCH, med fokus på undervisning og kompetanseheving av lokalt tilsette. Den radiologiske avdelinga ved KCH er relativt godt bemanna med radiografar. Dei fleste tilsette har utdanning på diplomnivå, men manglar opplæring av nytt utstyr. Det er éin malawisk radiolog som arbeider på sjukehuset i Lilongwe, og han er den einaste offentleg tilsette radiologen i Malawi.

Utvekslingingsprogrammet har finansiert nytt utstyr til Radiologiavdelinga ved KCH. Med midlar frå prosjektet er eit nytt og vel-fungerande demonstrasjonsrom kome på plass. I 2012 fekk avdelinga installert ein CT skannar, og dette har tatt bildetenestene til eit nytt nivå. Bortsett frå CT har dei ein tradisjonell lab, en CR lab og nokre bærbare PCarpå sjukehuset. Ein mammografi vart installert i 2016, men er enno ikkje i bruk. Men det er framleis eit stort behov for utstyr i deler av avdelinga, og opplæring i førebyggande vedlikehald.

Malawi er hardt ramma av traumar pga trafikkulykker, yrkesskadar og andre typar skadar. Dei siste åra har fokus for prosjekta våre derfor vore retta mot oppbygging av kirurgitenester ved KCH gjennom utdanning av lokale kirurgar og styrking av viktige støttetenester som radiologi. HUS skal dei neste åra vere partnar i oppbygginga av eit nytt traumesenteret ved KCH, «Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery «, (LION), der radiologi vil stå sentralt.

Medisinsk teknisk avdeling ved HUS har støtte prosjektet, og vil vere ein viktig støttespelar i framtida. I dag er avdelinga analog, men dei har forplikta seg til å bevege seg mot digital bildebehandling i nær framtid.

Fleire prosjekt i Malawi

Prosjekter i andre land