Psykiatri på Zanzibar

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) fekk i 2010 ein førespurnad frå helse- og sosialmyndigheitene på Zanzibar om å bidra til kompetanseheving innan barne- og ungdomspsykiatri.

I løpet av dei seinare åra har overlegar vore på fleire sonderingsturar til HUS sine partnarsjukehus på Zanzibar, Mnazi Mmoja Hospital (MMH) og Kidongo Chekundu Mental Hospital (KCMH).

Nokon av dei alvorlegaste lidingane på Zanzibar er schizofreni, bipolare lidingar og alvorlege depresjonar. Fleire har utfordringar med rus i tillegg.

I januar 2014 vart det signert ein avtale mellom Makunduchi Hospital sør på Zanzibar, Helseministeriet og Haukeland Universitetssjukehus om å i fellesskap å drive ein polikliniske eining for pasientar med psykiske helseproblem som er ope kvar fredag. Så lenge HUS har en lege i overlegepermisjon på Zanzibar, vil HUH støtte denne klinikken med opplæring og kapasitetsbygging for tilsette så vel som kliniske konsultasjonar.

Målet med engasjementet er kompetanseheving for både tilsette på Zanzibar og på HUS. Tilsette vil få auka kjennskap og forståing for dei transkulturelle sidene ved psykisk helsevern, noko som vert meir og meir nødvendig i den heimlege helsetenesta.

Fleire prosjekt på ZanzibarProsjekter i andre land