Patologi i Malawi

Sidan 2008 har Avdeling for Patologi ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har hatt eit samarbeid med Kamuzu Central Hospital, og prosjektet fungerer som ein støtte til programmet i ortopedi og kirurgi.

I 2011 vart det opna ei ny avdeling for Patologi (histologi) ved KCH. Det har vore ein utveksling av personell mellom HUH og KCH med fokus på kompetanseheving av teknisk personale frå KCH og utvikling av metodar og prosedyrar ved patologilaboratoriet.

Patologi er ein essensiell del av den medisinske utdanninga, og er eit krav for godkjenning av kirurgisk og nevrokirurgisk spesialisering. The College of Surgeons of East, Central and Southern Africa (COSECSA) kravar ein fungerande Avdeling for Patologi for å godkjenne KCH som ein utdanningsinstitusjon for medisinske spesialiseringar.

Det er framleis stort behov for å støtte opp om patologiutviklinga ved KCH, særleg fordi det er få teknikarar med denne typen erfaring på sjukehuset. I tillegg er det auka tilførsel av ulike prøvar, frå både KCH, og frå andre nærliggjande sjukehus.

Fleire prosjekt i MalawiProsjekter i andre land
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.