Opnar ny og renovert Blodbank på Pemba

Sidan 2008 har Haukeland Universitetssjukehus hatt eit tett samarbeid med Zanzibar National Blood Transfusion Services (ZNBTS) . Blodbanktenestene på Zanzibar held god kvalitet og dei har eit godt utvikla administrasjonssystem for handtering av blodet som vert donert.

Deltakerane under åpningen av den nye Blodbanken på Pemba
Det var stort besøk og mykje engasjement under åpninga av den nye Blodbanken på Pemba Island. Her med direktøren på HUS Eivind Hansen.

​ZNBTS held til på øya Unguja, og i 2016 donerte Åsane Rotaryklubb 275.000 kr for å totalrenovere blodbanken på Pemba Islands, den andre hovudøyen av Zanzibar. HUS stilte med eigen byggansvarleg og teknisk kyndig person som skulle følgje opp prosjektet på vegne av Åsane Rotaryklubb og HUS.

Kjartan Nesset er sjefsingeniør hos Eiendomsavdelingen på Universitetet i Bergen, og har det siste året vore på Zanzibar. Kona hans har vore utestasjonert i HUS sitt prosjekt innan Rusmedisin, og Kjartan har stilt opp som frivillig til å følgje Blodbank-prosjektet på Pemba.

Arbeidet starta i januar 2017, og det nye bygget vart offisielt opna i juni 2017 med besøk frå Eivind Hansen (Direktør HUS), Tor Hervig (prosjektleiar frå Blodbanken på HUS), og Jon Wigum Dahl (leder ved Avdeling for Internasjonalt samarbeid). Bygget har no blitt totalrenovert, og det er bygga ein ekstra etasje.

Den nye Blodbanken har blitt totalrenovert, og har fått ein ekstra etasje
Bilde, Kjartan Nesset: Blodbanken er no totalrenovert, og har fått ein ekstra etasje