Nyutdanna kirurgar i Malawi

Tre nye, malawiske kirurgar har bestått COSECSA eksamen

Sidan 2007 har Haukeland Universitetssjukehus (HUS) hatt eit samarbeid med Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi innan kirurgi og ortopedi. Det har vore ein kontinuerleg stafett av kirurgar, ortopedar og sjukepleiarar frå HUS og Oslo Universitetssjukehus (OUS).

Nyutdanna kandidatar i 2015
På bilde, frå venstre: Dr. Chifundo Kajombo, Dr. Boston Munthali, Dr.  Enock Ludzu, Dr. Judith Mkwaila, Dr. Gift Mulima og Dr.  Kumbukani Manda  

​I 2013 starta eit nytt utdanningsprogram i kirurgi, finansiert frå NORHED, som skal vare til 2018. Til saman 30 malawiske legar skal få si spesialistutdanning i kirurgi og ortopedi ved KCH og Queen Elisabeth Central Hospital (QECH) i Blantyre, Malawi, i tillegg til fire nye PhD kandidatar frå College of Medicine.

Den 1 desember 2015 bestod dei fyrste seks kirurgane frå KCH sin eksamen; fire generelle kirurgar og to ortopediske kirurgar. Dette meir enn dobla talet kirurgar ved Kamuzu Central Hospital. I tillegg kvalifiserte QECH ein barnekirurg.

I desember 2016 har tre nye kirurgar vorte uteksaminert frå NORHED programmet; ein urolog frå KCH, ein plastikk kirurg frå QECH og ein ortoped frå QECH. I tillegg har seks stykk satt og bestått MCS eksamen, som er ein mellomeksamen etter 2 år med utdanning.

Utdanningsprogrammet er eit samarbeid mellom College of Medicine (Blantyre, Malawi), Queen Elisabeth Central Hospital (Blantyre, Malawi), Kamuzu Central Hospital (Lilongwe, Malawi), Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Det er også inngått ein avtale med Ortopedisk klinikk på Christian Medical College (CMC) i Vellore, India om at utdanningskandidatar frå Malawi kan hospitere i seks månadar som ein del av utdanninga si. Den eine ortopeden som vart utdanna i 2015 er for tida i India for å vidareutdannas som ryggkirurg.