Nytt fredskorpsprosjekt innan traumatologi og akuttmedisin

I august startar Haukeland eit nytt utvekslingsprogram mellom HUS, Malawi og Sør-Afrika

fredskorps pemba
 

Det er Kamuzu Central Hospital (KCH) i Malawi og  Dr. George Mukhari Academic Hospital (DGMAH)/The Sefako Makgatho Health Sciences University (SMU) i Sør Afrika som er Haukeland sine samarbeidssjukehus i prosjektet.

- Målsettinga med programmet er å styrke tilbodet innan Traume- og akuttmedisin  for pasientar ved dei tre institusjonane. Dette skal skje gjennom utveksling av helsepersonell innan fagområda  radiologi, fysioterapi og traume/akuttmedisin, fortel avdelingsleiar Jon Wigum Dahl ved for Avdeling for internasjonalt samarbeid.

Mange traume

Kamuzu Central Hospital har 800 senger og er det nest største offentlege sjukehuset i Malawi. HUS  har sidan 2007 samarbeidd med KCH innan fleire medisinske fagområde, og legar, sjukepleiarar, jordmødrer og teknikarar frå Haukeland har jobba på  KCH i regi av HUS sine prosjekt.

Les meir om Haukeland sitt samarbeid med Malawi.

- Malawi har mange traume på grunn av eit stort tal trafikkulukker, yrkesskadar og andre typar skadar, fortel Wigum Dahl.

Dei siste åra har fokus for prosjekta derfor vore retta mot oppbygging av ortopedi og kirurgitenester ved KCH gjennom utdanning av lokale ortopedar og kirurgar og styrking av viktige støttetenester som radiologi.

HUS skal dei neste åra vere partnar i oppbygginga av eit nytt traumesenteret ved KCH, «Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery» , (LION), der fagområda fysioterapi og radiologi vil stå sentralt.  Radiolog Kari Kuvås og fysioterapeut Annette Memelink Iversen frå Radiologisk avdeling og Fysioterapiavdelinga reiser til Malawi i August for å arbeide på KCH i 12 månader. I februar 2018 kjem ein radiograf og ein fysioterapeut frå KCH til HUS for hospitering i 6 månader.

Trafikkulykker, arbeidsulykker og valdsskadar

Dr. George Mukhari Academic Hospital  (DGMAH) ligg i Ga-Rankuwa, utanfor Pretoria. Sjukehuset er underlagt Helseministeriet, har  1650 senger og er det nest største sjukehuset i Sør Afrika. Sjukehuset dekkjer ei befolkning på 1,8 millionar og har 4600 tilsette. Sjukehuset fungerer som undervisningsplattform for The Sefako Makgatho Health Sciences University (SMU).

Sør Afrika har eit stort volum av traume frå trafikkulykker, arbeidsulykker og voldsskadar (t.d skot- og knivskadar ), og traumemottaket/akuttmottaket på DGMAH har eit godt utarbeidd triage-system (SATS) for traume og akutt kritisk sjuke pasientar som kjem til sjukehuset. Sjukepleiarane og legane ved traumeavdelingane behandlar om lag 10 alvorlege traume i døgnet og har ein unik kompetanse på dette området.

Viktig volumtrening

Kirurg  Bjørn Christensen og akuttmedisinsk sjukepleiar Olav Andre Posch frå Mottaksklinikken på Haukeland reiser til Sør Afrika i slutten av august for å arbeide på DGMAH i 12 månader. I februar 2018 kjem to sjukepleiarar frå DGMAH til HUS for å hospitere på Mottaksklinikken i 6 månader.

- Gjennom deltaking i det daglege arbeidet på avdelingane vil dei tilsette bli eksponert for langt fleire traume enn det ein ser i Noreg, og dermed få viktig volumtrening, påpeikar Wigum Dahl.

- Overføring av denne kompetansen til kollegaer på Haukeland etter heimkomst,   vil på sikt kunne betre tilbodet for traumepasientar på HUS.