Nevrokirurgi i Etiopia

Prosjektet starta opp i 2009 og er eit samarbeid mellom Black Lion Hospital (BLH)/Addis Ababa University (AAU), Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen/Senter for internasjonal helse (UiB/SIH).

 

Målet har vore å etablere eit utdanningsprogram innan nevrokirurgi og eit bærekraftig nevrokirurgisk tilbod til pasientar i Etiopia gjennom utdanning av spesialistar og opplæring av sjukepleiarar innan anestesi, intensiv, operasjon og oppvakning.

Eit tidlegare prosjektet, finansitert av midlar frå Fredskorpset, gjorde det mogleg for om lag 30 nevrokirurgar og sjukepleiarar frå HUS og BLH å hospitere hos kvar andre i 6-12 månadar. Totalt sju Etiopiske nevrokirurgar har til no fått si spesialisering i nevrokirurgi gjennom programmet, og jobbar no ved BLH/AAU. Utvekslinga til HUS har vore ein del av utdanninga deira, og nevrokirurgar har besøkt BLH for å undervise. I tillegg har overlegar og assistentlegar frå nevrokirurgisk avdeling på HUS fått hospitert på BLH. Dette har gitt avdelinga ein unik mogelegheit til å trena på prosedyrar og operasjonar som det er lite volum av i Noreg, til dømes pediatrisk nevrokirurgi.

BLH opererer  ei stadig aukande mengde pasientar og med  støtte frå Fredskorpset har kirurgane i prosjektet laga ein  database der alle operasjonar  og diagnosar vert  registrert.

Interessa for nevrokirurgi har auka blant etiopiske legar etter at utdanningsprogrammet starta opp.  Det har vore ei langsiktig målseting for programmet  å gjere BLH til eit «Centre of Excellence» innan nevrokirurgi  og at institusjonen etter kvart kan vere med på å utdanne nevrokirurgar frå nabolanda. I April 2015 reiste den fyrste Malawiske kirurgen reiste til BLH for å starta si spesialistutdanning innan nevrokirurgi.

Fleire prosjekt i Etiopia

Prosjekter i andre land


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.