HELSENORGE

Nepal

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeidar med Kanti Children’s Hospital (KCH) i Kathmandu, Nepal. Sjukehuset har 320 sengeplassar, og er det einaste offentlege sjukehuset i Nepal.

Kanti Children

Om samarbeidet med Nepal

Det er i tillegg det største barnesjukehuset, kor fattige pasientar frå heile landet mottar gratis, medisinsk behandling inntil dei er 14 år. KCH styres av eit sjølvstendig organ som er underlagt Helsedepartementet i Nepal.

I oktober 2014 vart det signert ei 3 års avtale mellom HUS, KCH og dei nasjonale Røde Kors Blodbank tenestene i Nepal. Formålet med avtalen er å styrke blodtransfusjonstenesta ved sjukehuset.

Delar av prosjektet er finansiert med ei gåve på 2 millionar NOK frå ein privatperson i Bergen. HUS har ansvaret for at midlane går til finansiering av utstyr og teknisk rådgjeving i samsvar med avtala som er inngått. KCH vil sørgje for kvalifisert personell og Røde Kors vil vere ansvarleg for kontinuerleg, teknisk rådgjeving, opplæring og oppfølging av personell på KCH.

I 2016 startar eit nytt Fredskorpsprosjekt som skal supplere det pågåande arbeidet med å styrke blodbanktenestene. Dette vert eit samarbeid mellom HUS, KCH, Nepal Red Cross Society Central Blood Transfusion Services, og Zanzibar National Blood Transfusion Services.

Pågåande prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland Universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid

Fann du det du leita etter?