Mottaksklinikken i Sør Afrika

I 2016 opna Haukeland Universitetssjukehus (HUS) den fyrste Mottaksklinikken i Noreg. Klinikken har ein stor betyding for HUS og kompetanseutvikling av klinikkens tilsette har høg prioritet.

Akuttmedisin er ein medisinsk spesialitet som involverer omsorg og behandling for pasientar med sjukdommar og skader, som treng augeblikkeleg hjelp. Tilsette på Mottaksklinikken er ansvarleg for å starta behandling og diagnose i akuttfasen, og ta beslutningar om pasientens behov for vidare behandling.

Tilsette på Mottaksklinikken er ansvarleg for å starta behandling og diagnose i akuttfasen, og ta beslutningar om pasientens behov for vidare behandling. The South African Triage Scale (SATS) er verdskjent, og har vist seg å vere svært effektiv i å redusere dødelegheita ved traume. Triagering er prosessen kor ein ser på omfanget av skadar og sjukdommar for å gje pasientane med alvorlege skadar behandling før tilstanda deira forverras.

DGMAH ligg i Ga-Rankuwa, utanfor Pretoria. Sjukhuset er underlagt Helseministeriet, har 1650 senger og er det nest største sjukehuset i Sør Afrika. Sjukehuset dekkjer ei befolkning på 1,8 millionar, og har 4600 tilsette. Sjukehuset fungerer som undervisningsplattform for SMU. Sør Afrika har eit stort volum av traumar frå trafikkulykker, arbeidsulykker og voldsskadar (t.d. skot- og knivskadar ). Traumemottaket/akuttmottaket på DGMAH har eit godt utarbeida triage system (SATS) for traumar og akutt kritisk sjuke pasientar som kjem til sjukehuset. Sjukepleiarane og legane ved traumeavdelingane behandlar omlag 10 alvorlege traumar i døgnet og har ein unik kompetanse på dette området.

Både DGMAH/SMU og HUS brukar SATS-modellen i akuttmedisin, og ein utveksling mellom institusjonane innan dette feltet vil vere fordelaktig for begge partar.

Fleire prosjekt i Sør AfrikaProsjekter i andre land