Medisinsk avdeling på Zanzibar

Sidan starta av samarbeidet i 2011, mellom Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar, har Medisinsk avdeling på HUS vore engasjert med ein rekke fagområdar; endokrinologi, nefrologi og infeksjonsmedisin. I tillegg kan legar og sjukepleiarar under spesialisering reise på kortare utvekslingar som ein del av utdanninga.

I prosjekta er det stort sett ein gjensidig utveksling av tilsette mellom sjukehusa, kor fokuset er kompetanseheving og volumtrening. På Zanzibar har HUS tilsette moglegheit til å auke kompetansen innan klinisk diagnostisering av tropesjukdommar og andre ikkje-smittsame sjukdommar vi sjeldan ser i Noreg.

Endokrinologi har eit forskningsprosjekt for betre oppfølging av fotsår hos diabetespasientar for å redusere risikoen for amputasjon. Eit anna prosjekt er å betre diagnostikken av infeksjonssjukdommar, gjennom auka kunnskap og betre teknikkar som til dømes blodkulturar.

I forbindelse med bygginga av ein nytt Barnesjukehus på Zanzibar, kom det også eit nytt dialysesenter i same bygg. Nefrologiavdelinga ved HUS assisterte MMH i planlegging, kompetansebygging og nettverksbygging. Ein naturleg samarbeidspartnar er Muhumbili National Hospital i Dar es Salaam, Tanzania, der HUS har vore involvert i ei årrekkje.

Legar i spesialisering (LIS) hos Medisinsk avdeling på HUS kan søke om støtte for eit kortare opphald på MMH, og overlegar som vil bruke overlegepermisjonen sin på Zanzibar, og kan veilede LIS-legane, kan få dekt sine utgiftar.

Sjukepleiarar i vidareutdanning hos Medisinsk avdeling på HUS kan få fire vekers praksis på MMH, med støtte frå Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS). Fleire spesialitetar har vore nede på utveksling som ein del av utdanninga si, og tilbakemeldingane har vore gode.

Fleire prosjekt på ZanzibarProsjekter i andre land