Fysioterapeutar er ein viktig del av det tverrfaglege teamet som sørgjer for omsorg og rehabilitering av pasientar med store, fysiske skadar etter ei traumatisk hending. Grunna mangel på utdanna og erfarne fysioterapeutar ved Kamuzu Central Hospital (KCH) vert dei fleste pasientar ikkje mobilisert raskt nok etter operasjon. Dette kan føre til redusert funksjon og permanente handikap i staden for tilbakeføring til eit normalt liv. Investering i utdanning av fysioterapeutar og i fysioterapitenestene på KCH vil difor vere til stor nytte for pasientar, pårørande og samfunnet elles.
Malawi er hardt ramma av traumer grunna trafikkulykker, yrkesskadar og andre typar skadar. Dei siste åra har fokus for prosjekta derfor vore retta mot oppbygging av kirurgitenester ved KCH, gjennom utdanning av lokale kirurgar, og styrking av viktige støttetenester som fysioterapi. HUS skal dei neste åra vere partnar i oppbygginga av eit nytt traumesenteret ved KCH, «Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery» (LION) der fysioterapi og vil stå sentralt.
Fleire prosjekt i MalawiProsjekter i andre land