Malawi

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeider med Kamuzu Central Hospital (KCH), som er eit offentleg sjukehus eigd av helseministeriet i Malawi. Det har 800 sengeplassar og er det nest største sjukehuset i landet. Sjukehuset er eit tilvisingssjukehus for midtre region av Malawi, og dekker ei befolkning på omlag fem millionar menneske.

Kamuzu Central Hospital
 

​Om samarbeidet med Malawi

Sidan 2007 har HUS og KCH samarbeida om eit prosjekt i kirurgi/ortopedi og mor-barn helse, i samarbeid med Oslo Universitetssjukehus (OUS) og Universitetssjukehuset i Nord Noreg (UNN). Prosjekta vart finansiert av den Norske Ambassaden i Lilongwe og Fredskorpset. Private donorar frå Bergen har støtta programmet i Malawi med pengar til innkjøp av utstyr og støtte til utdanningsprogramma.

Eit utvekslingsprogram finansiert av Fredskorpset har vore ein viktig støtte til prosjektet for å utbetre infrastrukturen ved KCH. Gjennom samarbeidet har fleire profesjonar vore på utveksling, blant anna jordmødre, laboratorieteknikar i patologi, radiologar og medisinsk teknisk personell. Om lag 30 tilsette frå HUS og KCH har vore deltakarar i utvekslingsprosjektet.

Samarbeidet innan mor-barn helse vart avslutta 1. mars 2015, men samarbeidet innan kirurgi/ortopedi held fram, og er no finanisert via Norad som eit Norhed prosjekt; «Capacity building in postgraduate surgical training and research in Malawi".

Prosjektet er eit samarbeid mellom HUS, Universitetet i Bergen, KCH, Queen Elisabeth Central Hospital og  College of Medicine.

Pågåande prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid

  • Fysioterapi i Malawi

    Ved KCH i Malawi har dei eigne snikkarar på sjukehuset til å laga krykker av tre

  • Patologi i Malawi

    Sidan 2008 har Avdeling for Patologi ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har hatt eit samarbeid med Kamuzu Central Hospital, og prosjektet fungerer som ein støtte til programmet i ortopedi og kirurgi.

  • Radiologi i Malawi

    Ved samarbeidssjukehuset i Malawi fins det kun ein radiolog, og han er den einaste radiologen i landet som er offentleg ansatt

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.