Zanzibar

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har eit samarbeid med Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar, Tanzania. MMH er det største sjukehuset på Zanzibar med 500 sengeplassar, og er direkte underlagt helsestyresmaktene på Zanzibar.

Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar
 

Om samarbeidet med Zanzibar

Zanzibar er i union med fastlands Tanzania, men har indre sjølvstyre på ei rekkje område, blant anna helsesektoren. MMH er eit tilvisningssjukehus for om lag 1,2 millionar innbyggarar på øyane Zanzibar og Pemba Islands, og utdannar ei rekkje typar helsepersonell.

Samarbeidet starta opp i 2011 då MMH sendte ein formel søknad til HUS om å starta samarbeid innan ei rekke fagområda. HUS hadde allereie eit samarbeid om blodbanktenestene med Zanzibar National Blood Transfusion Services (ZNBTS), men no vart også Barneklinikken og Medisinsk avdeling involvert.

Med hjelp frå ein privat donor og Den Norske Ambassaden i Tanzania har vi bygd ein heilt ny barneklinikk på øya, og arbeidet med eit nytt Mentalsjukehus i gang, kor det også vert eit eige bygg til Rusmedisin.

HUS vart tilbydd ei veleigna tomt nær sjukehuset for bygging av eit ”Haukeland House” for helsearbeidarar frå HUS. I ein storslått seremoni saman med presidenten på Zanzibar, Noregs helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og vår tidlegare direktør Stener Kvinnsland vart grunnsteinen lagd ned i januar 2012 og huset vart ferdig bygd hausten 2012.

 

Pågåandre prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid