Sør Afrika

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeidar med Dr George Mukhari Academic Hospital (DGMAH) i Sør Afrika. Dette er universitetssjukehuset til Sefako Makgatho Health Sciences University (SMU) i Ga- Rankuwa ca. 30km nord for Pretoria Gauteng provinsen.

Sefako Makgatho Health Sciences University
 

​Om samarbeidet i Sør Afrika

DGMAH er eit offentleg sjukehus med finansiering frå Helseministeriet i Sør Afrika. Sjukehuset har 1.600 sengeplassar, og er det nest største sjukehuset i landet, og tener ein befolkning på om lag 5 millionar, inkludert utanlandske statsborgarar som søker helsetenester.

Sefako Makgatho Health Sciences University (SMU)  ligg på det tidlegare området til University of Limpopo, også kjent som Medical University of Southern Afrika (MEDUNSA). SMU er det største helseuniversitetet i sørlege Afrika med om lag 6.000 registrerte studentar. Universitetet har fire skular; School of Health Care Sciences, School of Medicine, School of Oral Health Sciences og School of Pathology and Pre-Clinical Sciences.

SMU har lang erfaring og kompetanse i å trene helsepersonell som kjem frå andre afrikanske land, og er ideelt posisjonert for å tene resten av kontinentet.

HUS har samarbeidet med dei i ei årrekkje. DGMAH er eit avansert sjukehus, og tidlegare har vi berre sendt spesialistkandidatar frå andre samarbeidssjukehus i sør for utdanning. Frå 2017 startar eit prosjekt mellom HUS, SMU og Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi, innan traumatologi.

Pågåande prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland Universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid