Malawi

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeider med Kamuzu Central Hospital (KCH), som er eit offentleg sjukehus eigd av helseministeriet i Malawi. Det har 750 sengeplassar og er det nest største sjukehuset i landet. Sjukehuset er eit tilvisingssjukehus for midtre region av Malawi, og dekker ei befolkning på omlag fem millionar menneske.

Kamuzu Central Hospital
 

​Om samarbeidet med Malawi

Sidan 2007 har HUS og KCH samarbeida om eit prosjekt i kirurgi/ortopedi og mor-barn helse, i samarbeid med Oslo Universitetssjukehus (OUS) og Universitetssjukehuset i Nord Noreg (UNN). Prosjekta vart finansiert av den Norske Ambassaden i Lilongwe og Fredskorpset. Private donorar frå Bergen har støtta programmet i Malawi med pengar til innkjøp av utstyr og støtte til utdanningsprogramma.

Eit utvekslingsprogram finansiert av Fredskorpset har vore ein viktig støtte til prosjektet for å utbetre infrastrukturen ved KCH. Gjennom samarbeidet har fleire profesjonar vore på utveksling, blant anna jordmødre, laboratorieteknikar i patologi, radiologar og medisinsk teknisk personell. Om lag 30 tilsette frå HUS og KCH har vore deltakarar i utvekslingsprosjektet.

Samarbeidet innan mor-barn helse vart avslutta 1. mars 2015, men samarbeidet innan kirurgi/ortopedi held fram, og er no finanisert via Norad som eit Norhed prosjekt; «Capacity building in postgraduate surgical training and research in Malawi".

Prosjektet er eit samarbeid mellom HUS, Universitetet i Bergen, KCH, Queen Elisabeth Central Hospital og  College of Medicine.

Pågåandre prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.