India

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeider med Christian Medical College & Hospital (CMCH) i India. Dette er eit utdannings- og forskingsinstitutt med primære, sekundære og tertiære sjukehus lokalisert i Vellore, Tamil Nadu.

Christian Medical College Hospital
 

​Om samarbeidet i India

CMCH er er eitt av Indias mest velrenommerte og mest avanserte medisinske senter, med om lag 2.600 sengeplasser, og meir enn 8000 tilsette. Det er også ein prestisjefylt utdanningsinstitusjon for alle typar helsepersonell.

Vi har hatt eit samarbeid med CMCH sidan 2004, fyrst og fremst for utdanning av spesialist kandidatar frå våre andre samarbeidssjukehus i Afrika og Asia. Sidan 2005 har Nasjonalt kompetansesenter for tropiske infeksjonssjukdommar ved HUS (Tropesenteret) arrangert årlege kurs i tropemedisin på CMCH for; norske leger i spesialisering (LIS) i infeksjonssjukdommar og mikrobiologi, spesialistar i infeksjonssjukdommar og mikrobiologi, og andre legar med ein interesse for infeksjonssjukdommar.

Her kan du lese meir om kurset

I 2005 vart eit eige Haukeland House bygga på universitetsområdet til CMCH, og har totalt 8 leilegheita tilgjengeleg. Desse vert brukt av HUS tilsette på utveksling til CMCH, og andre utdanningskandidatar frå våre andre samarbeidssjukehus i sør.

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland Universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid