Etiopia

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har eit samarbeid med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia. BLH er eit tilvisingssjukehus med 700 sengeplasser, og ligg i hovudstaden Addis Abeba.

Om samarbeidet med Etiopia

Sjukehuset er tilknytt Addis Ababa University School of Medicine, og er ein utdanningsinstitusjon for medisinske studentar, tannlegar, sjukepleiarar, farmasøytar og laboratorieteknikarar.

Samarbeidet starta i 2001 med eit prosjekt innan plastikk-kirurgi og brannskade. Ei avdeling for brannskadde ved Yekati 12 Hospital i Addis Abeba vart etablert som den fyrste av sitt slag i Etiopia, etterfølgt av ei avdeling for plastikk-kirurgi. Etiopiske legar fekk deira spesialisering innan plastikk-kirurgi (brannskade, CLP og ØNH), og sjukepleiarar, fysioterapeutar og laboratorieteknikarar reiste på utveksling mellom HUH og Yekati 12 Hospital som ein del av utdanninga si.

I dag er prosjektet avslutta, men vidareført av etiopiske myndigheiter.

I kjølvatnet av kirurgi programma har fleire avdelingar ved HUS engasjert seg i Etiopia; Nevrokirurgi, Kardiologi, Anestesi, Gastroenterologi, Nevrologi og Medisinsk etikk.

Pågåande prosjekt

Andre samarbeidsprosjekt

Oversikt over Haukeland Universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid


 


 


 


 

 
 
 


 



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.