Hofteproteseprosjekt i Malawi

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har sidan 2007 samarbeid med Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi innan ortopedi/kirurgi. Institusjonane samarbeider om eit utdanningsprogram for Malawiske kirurgar, med finansiering frå NORAD sitt program for kapasitetsutbygging,  Norhed.

Kirurgane under ein hofteproteseoperasjon
 

​I Noreg, med eit folketal på ca. 5 millionar, opereras det kvart år ca. 7.000 pasientar med hofteleddsprotese. I Malawi, med ca. 15 millionar innbyggarar, er det berre eit privatsjukehus som tilbyr slike operasjonar. Dette sjukehuset opererer  i snitt 30 pasientar per år, og pasientane er utelukkande velståande personar som må betale dyrt for operasjonen. Til vanlege folk fins det ikkje noko tilbod.

I Noreg opereras det flest eldre pasientar, og dei opplever som regel ein betydeleg forbetra livskvalitet. I Malawi er pasientane som oftast yngre menneske i arbeidsfør alder. Dei har gjerne mista arbeidet på grunn av  hoftelidinga, og mottar ingen økonomisk hjelp frå det offentlege. Dei vert då ei byrde for familien. Effekten av ein hofteproteseoperasjon vil derfor vere stor, ikkje berre for den einskilde, men for heile familien ettersom den opererte igjen vert arbeidsfør og kan bidra som forsørgjer, og for samfunnet generelt.

I juni 2014 gjennomførte KCH for fyrste gong hofteprotese-operasjonar. 20 pasientar vart operert av lokale kirurgar under rettleiing av to kirurgar frå HUS. Dette vart gjentatt med 20 nye operasjonar i mai 2015 under eit besøk av ortopedisk kirurg Geir Hallan, og operasjonssjukepleiar Vibeke Rydland frå HUS.

I februar 2017 reiser Hallan og Rydland på nytt til Malawi og om lag 30 nye pasientar ved KCH skal få ein hofteproteseoperasjon. Målsettinga er at lokale kirurgar på sikt skal kunne gjennomføre slike operasjonar på eiga hand og at KCH skal kunne gje eit fullgodt tilbod om hofteproteseoperasjonar til lokalbefolkninga i Malawi. Med seg på reisa til Malawi i februar, har Halland og Rydland med seg tre pallar med utstyr som dei treng til operasjonane. Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre prosjektet utan støtta frå leverandøren av hofteprotesane, Smith & Nephew. Vi får også god støtte frå Sjukehusapoteket på HUS, og fleire leverandørar av forbruksvarar. Det vert også sendt ned om lag 27 krykkepar som vart samla inn som ein del av Personalavdelinga på HUS sin Juleaksjon i 2016.

Les meir om ortopediprosjektet i Malawi

Les meir om innsamlinga av krykker og andre hjelpemidlar til Malawi

Kvinne med krykker i sykehusgang. Foto
"Heimelaga" krykker etter ein vellukka operasjon