Hjartekirurgi i Etiopia

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia. HUS fekk ein førespurnad frå leiinga ved BLH om støtte til å byggje opp hjartekirurgien i landet.

Hjarteteamet ved Black Lion Hospital
 

​Målsetjinga er dels å behandle alvorleg sjuke hjartepasientar og dels å lage eit utdanningsprogram for sjukehusets eige personell.

Etiopia med ca. 92 millionar innbyggarar har ikkje fast etablert hjartekirurgi i dag. Det er eit stort behov for hjartekirurgi  hos barn (< 18 år) med medfødde misdanningar, og hos dei som får klaffefeil grunna giktfeber. Slike operasjoner har til no berre blitt utført av utenlandske helsearbeidarar på oppdrag på Cardiac Center, som er eit privat stiftelsessjukehus lokalisert ved sidan av Black Lion Hospital.

I mars 2016 reiste eit team beståande av hjartekirurgar anestesileger, operasjonssykepleiere, anestesisykepleiere, intensivsykepleiere og sykepleiere frå sengepost, perfusjonistar og kardiologer på eit to vekers oppdrag. Dei opererte 12 hjartesjuke pasientar og satt inn 30 pacemakere. Ein privat donor i Bergen har støtta prosjektet med ein million kroner til innkjøp av utstyr for å kunne operere pasientar på ein forsvarleg måte. Prosjektet er støtta med midlar frå HUS, og er i nært samarbeid med Universitetssjukehuset i Linkjøping og den Etiopiske Ambassade i Stockholm.

Teamet vil framleis utføre hjartekirurgi når dei reiser til BLH, men dei vil fokusere meir på etableringa av eit utdanningsprogram innan hjartakirurgi, samt å utvikle faglige ferdigheter for helsepersonell ved HUS.

Fleire prosjekt i EtiopiaProsjekter i andre land