HUS har avgrensa samarbeidet til eit fåtal land i Sør og nokre få, offentlege sjukehus i desse landa. Dette er institusjonar med stor mangel på ressursar og fagleg kompetanse, og samarbeidet er innanfor rammene av samarbeidslanda sin helsepolitikk og i nært samarbeid med landet sine helsestyresmakter.
Våre prosjekt i
Samarbeidssjukehusa er
I tillegg til dei fem samarbeidssjukehusa, har HUS to partnarsjukehus med relativ høg kompetanse, som har sagt seg villig til å ta på seg opplæring av personell frå både samarbeidsinstitusjonane i Sør og frå HUS.
Partnarsjukehusa er
For å sikre eit langvarig og godt samarbeid mellom avdelingane på HUS og institusjonane ute, har vi valt å konsentrere det einskilde medisinske fagområde frå HUS til ein institusjon i Sør.
Sjå kor dei ulike avdelingane frå HUS har sitt engasjement
Strategi, eit vinn-vinn samarbeid
HUS sin strategi for internasjonalt samarbeid vart vedteke i 2010 med hovudmålsetjing å bidra til betre pasient pasientbehandling gjennom auka kompetanse blant eigne tilsette. Gjennom deltaking i prosjektarbeid kan helsearbeidarar frå HUS få styrke sin eigen medisinske kompetanse innan ulike fagområde, noko som vil kome norske pasientar til gode. Strategi for internasjonalt samarbeid vektlegg også ønskje om å styrke klinisk kompetansebygging for partnerinstitusjonane i Sør gjennom støtte til utdanningsprogram og medisinsk-teknisk kompetanse/infrastructure.
Sjå strategien for internasjonalt samarbeid her