Gåve frå KLP

Nytt overspenningsvern på Barneklinikken på Zanzibar

Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) fekk denne veka ei gåve frå KLP på 200.000 kronar. Pengane skal gå til overspenningsvern på den nye Barneklinikken på Zanzibar.

Den nyopna Barneklinikken på Zanzibar
Den nyopna Barneklinikken på Zanzibar

​Gåva vart overrekt under ein samling i KLPs lokalar i Bergen, og prosjektet vant over to andre prosjekter som dei 1.000 tilsette i KLP kunne ønska å støtte med julegåva i 2016.

Barneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har samarbeida med Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar sidan 2011, kor målet er å betra behandlingstilbodet til barn på MMH, med særskilt fokus på nyfødde og større barn som treng intensiv observasjon og behandling.

I 2014 starta bygginga av ein ny Barneklinikk på Zanzibar, kor også dialyseavdelinga har fått nye lokalar, saman med eit medisinsk-teknisk verkstad. Prosjektet var finansiert med midlar frå Den Norske Ambassaden i Dar es Salaam (Tanzania), Trond Mohn og Helsemyndigheitene på Zanzibar. I november 2016 vart bygget offisielt opna, og både Presidenten og Helseministeren på Zanzibar stilte opp, saman med representantar frå Den Norske Ambassaden, Trond Mohn og vår eigen administrerande direktør.

I tillegg til eit flott, nytt bygg har dei også fått mykje nytt utstyr for å styrke tilbodet ved klinikken. Men ei uforvarande tilgang av strøm gjer at utstyret er sårbart for «spikes» på strømnettet, noko som kan vere heilt øydeleggjande på moderne elektronisk utstyr. Med midlane frå KLP kan vi no installere overspenningsvern som dekkjer heile bygget, og beskytte utstyret mot den ustabile tilførselen av strøm.

Arbeidet er allereie i gang, og er forventa ferdig i byrjinga av 2017.

Frå venstre: Hanne Bratlie frå KLP, avdelingsleiar AIS Jon Wigum Dahl, og Camilla Skjelbred frå AIS.
Frå venstre: Hanne Bratlie frå KLP, avdelingsleiar AIS Jon Wigum Dahl, og Camilla Skjelbred frå AIS.