Gåve frå Itello AB reddar hundrevis av armar og bein frå amputasjon

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har sidan 2007 samarbeid med Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi innan ortopedi/kirurgi. Institusjonane samarbeider om eit utdanningsprogram for Malawiske kirurgar, med finansiering frå NORAD sitt program for kapasitetsutbygging, Norhed.

Bilde av Invild Festervoll Melien: Eksternt fiksjonsutstyr
 

Programmet var fyrst finanisert av den Norske Ambassaden i Malawi, og seinare av Fredskorpset. Programmet, som fekk ei svært god evaluering i 2010, inkluderte også opplæring av lokale sjukepleiarar.

Itello AB har donert til saman 35.000 kr for å støtte pasientbehandling ved KCH. Pengane vert brukt til innkjøp av eksternt fiksjonsutstyr som vil redde mange ofre for trafikkulukker frå amputasjonar. I 2016 vart det kjøpt inn nok utstyr til å behandle 10 personar samtidig, men sidan utstyret kan brukast om igjen vil det redde mange hundre armar og bein frå amputasjon.

 

Den unge guten på bilete mista nesten beinet i ei lukke, men kan no gå igjen
Bilde av Sven Young: Den unge guten på bilete var ein av dei fyrste som fekk nytte av det nye utstyret. Han mista nesten beinet i ei ulukke, men kan no gå igjen.

 

I Malawi døyr meir enn 5.000 menneske på vegane kvart år, meir enn 100.000 vert skada, og talet aukar raskt. 10.000 menneske ender kvart år opp som permanent uføre på grunn av manglande moderne traumebehandling. Tusenvis av born får ikkje tilbod om tilstrekkeleg behandling for medfødde skadar, misdanningar og infeksjonar i bein. Per i dag har avdeling for ortopedisk kirurgi på Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe berre tre ortopediske kirurgar, som skal dekke ei befolkning på omlag 6 millionar i den sentrale regionen i Malawi. Til samanlikning har Norge over 1000 registrerte ortopedar.