Fysioterapi i Malawi

Då Avdeling for Fysioterapi ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) byrja involvere seg internasjonalt var det i samarbeid med Mnazi Mmojs Hospital (MMH) på Zanzibar. Sidan då har prosjektet vorte flytta til Kamuzu Central Hospital (KCH) i Malawi for å støtte prosjektet innan ortopedi og kirurgi.

​Fysioterapi er ein viktig del av det tverrfaglege teamet som sørgjer for omsorg og rehabilitering av pasientar med store, fysiske skadar etter ein traumatisk hending. Grunna mangel på utdanna og erfarne fysioterapeutar ved KCH vert ikkje dei fleste pasientar mobilisert raskt nok etter ein operasjon. Dette kan dessverre føre til permanente handikap for pasientane, i staden for å hjelpe dei tilbake til eit normalt liv. Investering i utdanninga av fysioterapeutar og i desse tenestane på KCH vil difor vere til stor nytte for pasientar, pårørande og samfunnet elles.

Malawi er hardt ramma av traumar pga trafikkulykker, yrkesskadar og andre typar skadar. Dei siste åra har fokus for prosjekta derfor vore retta mot oppbygging av kirurgitenester ved KCH gjennom utdanning av lokale kirurgar og styrking av viktige støttetenester som fysioterapi. HUS skal dei neste åra vere partnar i oppbygginga av eit nytt traumesenteret ved KCH, «Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery» , (LION), der fysioterapi og vil stå sentralt. Kamuzu Central Hospital (KCH) i Malawi for å støtte prosjektet innan ortopedi og kirurgi.

Fleire prosjekt i MalawiProsjekter i andre land