Gjennom eit treårig pilot-program har 25 erfarne legar og avdelingsleiarar ved BLH forska på medisinsk-etiske dilemma i Etiopisk samanheng. Det har vore tilrettelagt for diskusjonar, og legane har fått innføring i det akademiske feltet av medisinsk etikk og prioriteringar i helsevesenet. Verktøyet i pilot-programmet har vore Tot ME (Training of Trainers in Medical Ethics), kor ein utdannar lærarar som igjen skal lære opp medisinarstudentar i medisinsk etikk ved AAU.
I mars 2017 opna Center for Medical Ethics and Priority Setting (MEPS) på området til Black Lion Hospital. Senteret vil ha ansvaret for
- å koordinere og tilby undervisning i medisinsk etikk for medisinstudentar
- å vere samlingsplass for den kliniske etikk-komiteen
- å utbetre ein plan for nasjonal opplæring av forelesarar i medisinsk etikk
- å være ein forskingspartnar for utanlandske samarbeidspartnarar
To Etiopiske PhD-kandidatar har fått støtte frå Norad for å jobbe med prosjektet, Dr. Frehiwot Berhane (Head of ToT ME Ethiopia) og Dr. Dawit Desalegn (Head of MEPS).
Framover vil prosjektet ta sikte på å innføre Tot ME hos alle dei 28 medisinske fakulteta i Etiopia etter førespurnad frå landets Helseminister. Eit toårig-program for 2 kandidatar frå kvar institusjon starta i mars 2017. Forelesarar frå HUS, UiB og BLH vil vere ansvarleg for koordineringa av programmet.
Fleire prosjekt i EtiopiaProsjekter i andre land