Etiopia

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har eit samarbeid med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia. BLH er eit tilvisingssjukehus med 700 sengeplasser, og ligg i hovudstaden Addis Abeba.

Om samarbeidet med Etiopia

Sjukehuset er tilknytt Addis Ababa University School of Medicine, og er ein utdanningsinstitusjon for medisinske studentar, tannlegar, sjukepleiarar, farmasøytar og laboratorieteknikarar.

Samarbeidet starta i 2001 med eit prosjekt innan plastikk-kirurgi og brannskade. Ei avdeling for brannskadde ved Yekati 12 Hospital i Addis Abeba vart etablert som den fyrste av sitt slag i Etiopia, etterfølgt av ei avdeling for plastikk-kirurgi. Etiopiske legar fekk deira spesialisering innan plastikk-kirurgi (brannskade, CLP og ØNH), og sjukepleiarar, fysioterapeutar og laboratorieteknikarar reiste på utveksling mellom HUH og Yekati 12 Hospital som ein del av utdanninga si.

I dag er prosjektet avslutta, men vidareført av etiopiske myndigheiter.

I kjølvatnet av kirurgi programma har fleire avdelingar ved HUS engasjert seg i Etiopia; Nevrokirurgi, Kardiologi, Anestesi, Gastroenterologi, Nevrologi og Medisinsk etikk.

Pågåande prosjekt i Etiopia

  • Hjartekirurgi i Etiopia

    HUS bidreg til etableringa av hjartekirurgi ved Black Lion Hospital i Etiopia

  • Anestesi i Etiopia

    HUS har etablert eit utdanningsprogram for spesialistar i anestesi

  • Gastroenterologi i Etiopia

    Prosjektet starta i 2010 og er eit samarbeid mellom Gastroenterologisk seksjon ved Medisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Black Lion Hospital (BLH) i Addis Abeba.

  • Medisinsk etikk i Etiopia

    Eit prosjekt med fokus på forsking og kompetansebygging innan medisinsk etikk starta i 2012 mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Addis Ababa University (AAU) i Etiopia. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiB, AAU og Haukeland Universitets...

  • Nevrokirurgi i Etiopia

    HUS har utdanna den fyrste kvinnelege nevrokirurgen i Etiopia

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.