Barneklinikken på Zanzibar

Barneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har hatt eit samarbeid med Mnazi Mmoja Hospital (MMH) sidan 2011, kor målet er å betra behandlingstilbodet til barn på MMH, med særskilt fokus på nyfødde og større barn som treng intensiv observasjon og behandling.

Nyfødt i kuvøse på Zanzibar
 

I tillegg ønskjer Haukeland universitetssjukehus (HUS) å auke kompetansen blant eigne tilsette, både når det gjeld mengdetrening og det å kunne gi behandling med mindre bruk av diagnostikk, ut over klinisk undersøking. eit høgt pasientvolum, og ulike pasientforløp, bidrege til at tilsette har kome tilbake med nye perspektiv og tilnærmingar til eigen praksis. Det er ein gjensidig utveksling av tilsette innan pediatri frå begge sjukehusa.

Prosjektet har gitt gode resultat;

Nedgang i dødelegheit hos nyfødde

Nedgangen meiner vi har samanheng med systematisk tilnærming innan mottak og omsorg for dei nyfødde. Nokre av oppgåvene som er gjennomførde er innføring av retningslinjer, registreringsskjema og bruk av enkelt, teknologisk utstyr.

Ny Barneklinikk på Zanzibar

Den nye Barneklinikken var ferdigstilt i 2016, og samtidig fekk dei eit nytt dialysesenter i same bygg. Bygget var finansiert av; Helseministeriet på Zanzibar, Den Norske Ambassaden i Tanzania, og ein privat donor i Bergen. Sistnemnte finaniserte også det nye utstyret.

Overlegestafett

På Zanzibar er det ein stor mangel på nødvendig helsepersonell. For å sørgje for god dekning av legar er det etablert ein overlegestafett frå Noreg. Dei bruker sine tre månadar med overlegepermisjon for å jobbe ved MMH, og samtidig auke si eigen kompetanse og ferdigheitar. Dei vil også veilede lokale leger på MMH. Dette er eit samarbeid mellom fleire norske sjukehus, og dei involverte sjukehusa har signert ein femårs avtale for å støtte initiativet, og vil legge til rette for at overlegane får brukt sin permisjon til utvekslinga.

Fleire prosjekt på ZanzibarProsjekter i andre land