Anestesi i Etiopia

Anestesiavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har samarbeida med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia sidan 2011 då eit program for spesialistutdanning vart etablert.

Dei fyrste fem legane vart teken opp i eit tre-årig utdanningsprogram ved BLH/The University of Addis Ababa (AAU). Overlegar frå HUS reiser til BLH i periodar på to til tre månader for å hjelpe til med undervisning og rettleiing av utdanningskandidatar. Behovet for spesialistar i anestesi i Etiopia er stort, då det har skjedd ei rask utvikling av nye kirurgiske spesialitetar, og avansert kirurgi er under stadig utvikling. Dei fem fyrste legane frå hausten 2011 vart uteksaminert i oktober 2014 då dei bestod sin siste eksamen.

Då programmet starta i 2011 var tilhøva ved intensivavdelinga ved sjukhuset i ei slik forfatning at det ikkje kunne forsvarast å drive undervisning av legespesialistar der. Dei mangla grunnleggjande uststyr som respiratorar og monitorar for pasientovervaking. Ein privat donor støtta prosjektet med 2 millionar kroner til renovering og innkjøp av nytt utstyr. Med god støtte frå Medisinsk Teknisk avdeling ved HUS vart avdelinga renovert og er no i drift.

Fleire prosjekt i Etiopia

Prosjekter i andre land