HELSENORGE

- Har nokon døydd i løpet av natta?

Det er tidleg på morgonen utanfor Haukeland House på Zanzibar. Intensivsjukepleiar Siv Storøy er klar for å starte arbeidsdagen ved nyføddavdelinga på Mnazi Mmoja-sjukehuset på øya. - Eg er alltid like spent på om vi har mista nokre barn i løpet av helga, seier Siv i det ho set seg inn i bilen.

tre ansatte foran inngangsdør
Siv Storøy saman med Gro Strøm og Clare Hapnes utanfor Haukeland House på Zanzibar.


Det er tidleg på morgonen utanfor Haukeland House på Zanzibar. Intensivsjukepleiar Siv Storøy er klar for å starte arbeidsdagen ved nyføddavdelinga på Mnazi Mmoja-sjukehuset på øya. - Eg er alltid like spent på om vi har mista nokre barn i løpet av helga, seier Siv i det ho set seg inn i bilen.
Sjukehuset ligg ein kort biltur frå Haukeland House der Haukeland-tilsette på utplassering bur. Denne morgonen køyrer Siv i lag med sjukepleiar Clare Hapnes, lege Gro Strøm og bioingeniør Alia Jaboori som òg arbeider på sjukehuset.

ansatte sittende i bil
Siv i lag med sjukepleiar Clare Hapnes, lege Gro Strøm og bioingeniør Alia Jaboori
På Mnazi Mmija kryr det av folk. Nokon står i kø, andre ventar, det er folk overalt – men stemninga er likevel avslappa og kontrollert.

 

Jobbar med for tidleg fødde

Siv arbeider på Barneklinikken på Mnazi Mnoja. Bygget stod klart i 2016 og er finansiert av Helseministeriet på Zanzibar, Den norske ambassaden i Tanzania, og ein privat donor i Bergen.
På nyføddavdelinga er det ikkje mykje tid til småprat og kaffi før arbeidsdagen er i gang for fullt. Siv Storøy seier raskt god morgon til sjukepleiarane på jobb, for ho går rett inn på det vesle rommet som er stappfullt med kuvøser og for tidleg fødde barn.
Eg er alltid spent på kva som har skjedd i løpet av helga, har vi mista nokre barn?, seier Siv før ho tek runden med dei bitte små pasientane saman med sjukepleiarane som har vore på jobb gjennom natta.

tre ansatte ser i en perm
Siv med to av dei tilsette ved Barneklinikken

Siv er bestemt og venleg i samarbeidet med dei andre på avdelinga. Det er tydeleg å merke at Siv har tillit og at ho blir lytta til som fagperson. Ho er utdanna intensivsjukepleiar, med mange års erfaring frå nyføddavdelinga ved Barne – og ungdomsklinikken på Haukeland.
Det kan vere utfordrande å jobbe her, seier Siv ærleg. – Dei andre sjukepleiarane som jobbar her har vanlig sjukepleiarutdaning i botn, men dei har ikkje den tilleggskompetansen som ein er vane med at kollegaene i Noreg har, seier ho. – Eg skal vere og er ein operativ sjukepleiar, men òg ein som skal lære vidare det eg kan, slik at dei som skal vere her permanent blir meir kompetente til å jobbe med premature born. Det kan vere vanskeleg, både fordi språket kan vere ein hemmar, men og fordi dei som jobbar her ikkje er vane med å jobbe så kunnskaps – og rutinebasert som oss i Noreg.

 

tre ansatte jobber
Opplæring er sentralt: Å lære opp kollegene på Zanzibar er ei av hovudoppgåvene til Siv.

Fleire ressursar

Siv kom til Zanzibar med familien i august i fjor. Ho fortel at trass utfordringar har mykje skjedd siste halvåret.
I august var dei knappe 10 tilsette som skulle fordelast 24/7 på ei avdeling med 250-300 innleggingar i månaden. Til ei kvar tid er det 40-60 barn i avdelinga. På seinvakt, helg og natt var det berre 1 sjukepleiar. Per i dag er dei 32 sjukepleiarar, mykje på grunn av godt forarbeid av dei som var her før meg. Det vil seie at dei er 5 på alle skift 24 timar i døgnet, 24/7! Det er gledeleg og ikkje minst motiverande å sjå forbetringane som har skjedd det siste halve året, seier Siv.

Personleg engasjert

Siv undersøker kvart einaste barn i det 20 kvadrat store rommet. Denne dagen er det tretti små nurk i kuvøser, tett i tett langs veggen. Ho understrekar ovanfor kollegaene at dei må passe på at barna er varme nok. Låg kroppstemperatur er ei av utfordringane for nyfødde, som i verste fall kan føre til dødsfall. Fleire av dei ligg med strikka ull-luer, dei aller fleste har Siv skaffa sjølv ved å engasjere venner og kollegaer. Då ho kom til Zanzibar i haust hadde ho med heimestrikka sokkar, tepper og luer.

Vi er jo stadig i manko på utsyr og klede her. Derfor tok eg med meg alt dette eg hadde fått av vener og kjende. I tillegg starta eg ei innsamling på Facebook, som per mars har skaffa 100 000 kroner til utstyr til avdelinga.

ansatt står ved barnsenger
Eit lite rom med mange born: Kuvøsene står tett i tett på nyfødtavdelinga på Mnasi Mmoja-sjukehuset.

Ein stor overgang

Siv er open på at det har vore utfordrande å flytte til Zanzibar. Det er krevjande på jobb, og mann og to barn har brukt tid på å tilpasse seg eit nytt daglegliv, skule og rutinar. Samtidig angrar ikkje familien frå Askøy at dei reiste.

- Eg angrar ikkje eit sekund. Det har vore veldig givande å vere her. I tillegg har det vore utruleg fint og lærerikt for heile familien. Vi trivst veldig godt her alle no – og lærer noko nytt kvar einaste dag. Eg berre håpar at vi er til nytte også på lengre sikt, at det eg lærer ifrå meg blir verande hos kollegaene på Zanzibar og at nytten ved at vi er her varar lengre enn den korte perioden vi jobbar her. 

nyfødt i kuvøse

babyfot

Fann du det du leita etter?