- Eg er nok ein meir tålmodig og betre sjukepleiar når eg kjem heim

På den nystarta dialyseeininga på Mnazi Mnoja-sjukehsuet på Zanzibar har Henriette Tyse Nygård full kontroll. Fredskorpsdeltakaren frå Haukeland er i gang med sin andre periode på øya. – Opphaldet her har nok gjort meg til ein meir tålmodig og betre sjukepleiar, seier ho.

 

Mnazi Mnoja-sjukehsuet
Mnazi Mnoja-sjukehsuet på Zanzibar

 

Henriette er dialysesjukepleiar og kom til Zanzibar i august 2016 for å vere med og starte opp den nye dialyseavdelinga ved Mnazi Mmoja. Denne funksjonen var sterkt ønska av sjukehusleiinga, og tanken var at Henriette skulle vere sentral i arbeidet. Men dialysen kom ikkje i gang som planlagt. Prosjektet vart stadig utsett – og var ikkje i drift før i mai 2017. I mellomtida jobba Henriette ved kvinnedelen av medisinsk avdeling på Mnazi Mmoja.

Først i mai i 2017 var dialyseeininga i full drift. Henriette fortel om ei eining som i dag fungerer godt, men at det er annleis å jobbe med dialyse på Zanzibar enn på Haukeland.


- Det er ein heilt annan måte å jobbe på her enn heime i Norge. Folk tenker annleis enn oss, det er meir byråkrati og ting tar lengre tid. Heime tar ein det som ein selvfølge at utstyret er på plass når ein treng det. Her er det ikkje slik. Dei tilsette er vane med at utstyr stoppar opp, og at ein går tom for medisinar og materiell. Men heldigvis ser det no ut til at ting har gått seg veldig godt til, fortel Henriette.

to sykepleiere
Henriette Nygård saman med kollega Kombo Bakari Juma.


Dialyseeininga har i dag seks maskiner. Det er seks sjukepleiarar, inkludert Henriette og avdelingssjukepleiar som jobbar her. Tjue pasientar går til dialyse, noko som er maks av det dei klarar med omsyn til bemanninga.

Kor viktig er din funksjon her, vil dialysen på Zanzibar halde fram når du reiser heim?
Eg trur dei vil klare det. Men det er viktig at vi framleis er her. Dei som jobbar her kan mykje praktisk, men dei er ikkje så erfarne med kvifor ulike oppgåver skal gjerast, korleis ein prioriterer og kva spørsmål ein skal stille. Vi er òg sårbare fordi vi ikkje har eigen nefrolog. Den næraste er i Dar Es Salaam på fastlandet. Så eg trur det er viktig at eg er her, fortel sjukepleiaren.

 

To periodar på Zanzibar

På grunn av utsetjinga er Henriette no i gang med sitt andre år på Zanzibar. Normalt er ein kun eitt år ute. Det var naturlig for ho å bli eitt år til, for å få dialyseeininga til å fungere godt før ho reiser heim.
Det ville vore kjipt å reise heim før jobben var gjort. Det er framleis mykje opplæring å gjere og andre utfordingar å ta tak i, seier ho.

Har vakse som person

Sjukepleiaren fortel at ho har det veldig fint på Zanzibar.
- Eg føler eg har blitt meir kjend med meg sjølv og eg har fått eit anna syn på korleis ting er her kontra heime. Det er mykje vi i Norge vi tar som sjølvsagt, men som vi burde vore meir takknemlige for, seier Henriette.

Ho anbefaler alle som er interesserte til å ta seg eit år i utlandet:
- Du lærer mykje – og veks som person. I tillegg er det fint å bu her, eg og dei andre som er på Zanzibar bur på Haukeland House som er ein super plass å bu på. Sikkerheita er god – det er ingenting å klage på, seier ho.

Kva er det viktigaste du tar med deg heim?
At eg gjer ein forskjell. Vi som er fredskorpsdeltakarar er her mest for å betre eit system over tid. Men det kan av og til vere vanskelig å sjå vitsen når du står midt oppe i det. Men eg snakka med ein sjukepleiar som har vore her sidan den første fredskorpsdeltakaren kom for sju år sidan. Og han ser ein kjempeforskjell: det er ingen tvil – det har noko føre seg at vi er her. 

– I tillegg tar eg med meg litt av kulturen frå Zanzibar. Her er ein litt sånn at sjølv om mykje går sakte så tenker ein: «det ordnar seg, ingen problem, alt går bra». Om eg kryssar litt av dette med norsk effektivitet – der alt skal gå veldig raskt - så trur eg at eg er ein betre, og meir tålmodig sjukepleiar når eg kjem heim.


bolighus
Haukeland House på Zanzibar.

 Les meir om vårt internasjonale samarbeid

Bli kjend med fleire

  • - Har nokon døydd i løpet av natta?

    Det er tidleg på morgonen utanfor Haukeland House på Zanzibar. Intensivsjukepleiar Siv Storøy er klar for å starte arbeidsdagen ved nyføddavdelinga på Mnazi Mmoja-sjukehuset på øya. - Eg er alltid like spent på om vi har mista nokre barn i...

  • - Eg er nok ein meir tålmodig og betre sjukepleiar når eg kjem heim

    På den nystarta dialyseeininga på Mnazi Mnoja-sjukehsuet på Zanzibar har Henriette Tyse Nygård full kontroll. Fredskorpsdeltakaren frå Haukeland er i gang med sin andre periode på øya. – Opphaldet her har nok gjort meg til ein meir tålmodig...

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.