Ungdomsrådet jobbar for at dei unge sine meiningar og behov skal bli tatt på alvor i møte med helsevesenet.

Tidlegare medlemmar av Ungdomsrådet saman med administerande direktør på Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen.
Ungdom er ein pasientgruppe som ofte havnar mellom to stoler – både som pasient og som pårørande. Vi i Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som skal hjelpe sjukehuset med å møte behova til dei unge.
Ungdomsrådet består av ungdom mellom 12-25 år. Alle har erfaring med å være ung og sjuk – eller pårørande. Vi representerer ungdom med ulike fysiske og psykiske helseutfordringar.
Meir om Ungdomsrådet
Kven søker vi etter?
Vi ser etter deg som er mellom 12-25 år, og som har erfaring frå helsetenester, enten det er som fysisk/psykisk sjuk eller pårørande. Og så må du ha eit ønske om å bruke di erfaring til å betre helsetenestene og kvardagen til ungdom på Haukeland universitetssjukehus.
Kva får du?
Ungdomsrådet består av masse andre flotte ungdom du blir kjent med, samtidig som du er med på å forbetre helsetilbod for barn og unge. Det du seier ja til når du blir med i Ungdomsrådet er deltaking på 6 møter i året, og deltaking i prosjekt etter eige ønske. Du får også utbetalt ei godtgjersle for deler av arbeidet.
Kontakt oss
Er dette noko som kan passe for deg? Har du spørsmål? Ta kontakt med oss!
Søknadsfrist
Snarast, og innan 15. mars 2020