WiFi på sjukehuset

Trøbbel med trådlaust internett?

Har du ein nyare iPhone, kan du oppleve problem med å kople deg til det trådlause gjestenettet til sjukehuset.

​Om du ikkje får til å kople til det trådlause gjestenettet til sjukehuset (gjest.ihelse.net) - og du har ein nyare iPhone, kan du forsøke følgande:

  1. Opne «Innstillinger» på din telefon, og gå til «Wi-Fi»:

    Innstillinger WiFi. Skjermdump iphone

  2. Om du allereie har forsøkt å kople til gjestenettet (indikert med blå hake) -> Trykk på i-en til høgre: 

    I for informasjon. Skjermdump iphone

    Vel «Glem dette nettverket» -> trykk «Glem»:

    Glem dette nettverket. Skjermdump iphone

    Følg deretter stega under.
  3. Om ikkje du har kopla til gjestenettet: Finn gjestenettet (gjest.ihelse.net) under «Offentlige nettverk» -> trykk på i-en til høgre:

    I for informasjon. Skjermdump iphone

    Sjå at «Privat adresse» er sett til av:

    Privat står på. Skjermdump iphone

  4. Trykk «Koble til dette nettverket»:

    Trykk koble til. Skjermdump iphone
  5.  Ein nettlesar skal opne seg automatisk. Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt.
  6. Les nøye gjennom vilkåra.
  7. Trykk «Godta» når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på ein gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?