Sykkel-VM i Bergen 2017

I perioden 16.-24. september blir Sykkel-VM arrangert i Bergen. Dette har konsekvensar for vegane rundt sjukehuset, men det er lagt til rette for at pasientar skal kome seg greit til og frå, sjå reiseinformasjon lenger nede på sida.

Under meisterskapen vil store delar av Bergen sentrum bli heilt eller delvis stengt for biltrafikk i tidsperioden frå klokka 08.30 og 19.00. Kollektivtilbodet vil og bli endra til og frå sjukehuset.

Alle som skal til Haukeland desse dagane blir råda til å reise kollektivt, sykle, eller gå dersom dei kan eller tilstanden deira tillet dette.

Du bør uansett berekne ekstra tid om du skal til sjukehuset.

Det vil ikkje vere mogleleg å køyre i løypene eller krysse traseen med bil i dette tidsrommet. Gåande og syklande kan krysse løypene på eigne punkt. Vakter vil sluse folk over i puljer når det er trygt å passere.  

Det vil vere mogeleg å køyre til Haukeland opp Hunstadsvingen frå Ibsens gate, forbi Kvinneklinikken (Jonas Lies vei) og så inn til Sentralblokka.

Du kan og køyre opp Klaus Hanssens vei til Jonas Lies vei og så til Haukeland.

Brann, politi og ambulanse – er sikra tilkomst til alle områder, også til sjukehuset.

Til deg som skal til Kvinneklinikken under Sykkel-VM

Kollektivtrafikk
Alle busslinjer til og frå sentrum blir lagt om før VM startar, og mange av holdeplassane i sentrum vil ikkje være i bruk. Bergen busstasjon blir det sentrale knutepunktet for busstrafikken, også for deg som skal til Haukeland.  

Linje 12 vil gå frå Busstasjonen til Haukeland litt oftare en kvart tiande minutt.

 

Oppdatert informasjon om kollektivtilbodet finn du på Skyss sine nettsider

Her finn du eit kart som viser trafikksituasjonen i Bergen sentrum dag for dag under Sykkel-VM

Du kan og lese meir om trafikksituasjonen på nettsidene til Sykkel-VM.

Bergen kommune har og eigne sider om Sykkel-VM