Streik i Helse Bergen

35 tilsette i Helse Bergen er ramma av den pågåande Unio-streiken. Ytterlegare opptrapping er varsla. Streiken gir konsekvensar for drifta ved sjukehuset, og pasientar vil bli ramma. 

Det er hovudsakleg sjukepleiarar som er tatt ut i streik. Ei av einingane som er mest ramma er Kysthospitalet i Hagavik der fleire planlagde operasjonar no vert utsatt grunna streiken. Også andre einingar må utsette behandling.  

- Vi gjer det vi kan for at pasientane våre skal bli minst mogeleg skadelidande, men operasjonar, behandlingar og kontroller kan bli utsatt og ventetider auke. Pasientar som blir ramma vil bli kontakta direkte, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander. 

Pasientar skal møte til timene sine som vanleg dersom dei ikkje blir kontakta.