Barne- og ungdomssjukehuset

Haukelandsområdet

Første byggetrinn av det nye Barne- og ungdomssjukehuset (BUS 1) stod ferdig hausten 2016. Bygget ligg nord for Sentralblokka. Her finn du mellom andre Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) og Energisenteret for barn og unge.

Eksteriør Barne- og ungdomssjukehuset. foto
For å komme til Barne- og ungdomssjukehuset, svingar du opp mot sjukehuset frå lyskrysset nord for Sentralblokka, og tar til venstre opp Haukelandsbakken.
Inngangsparti ved Barne- og ungdomssjukehuset. Foto
Barne- og ungdomssjukehuset er lokalisert nord for Sentralblokka på Haukelandsområdet. Inngang til resepsjonen finn du på forsida av bygget.

Kontakt

Besøksadresse
Haukelandsbakken 15 (Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Barne- og ungdomssjukehuset

​Det er innkøyring til Barne- og ungdomssjukehuset frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Barne- og ungdomssjukehuset.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Barne- og ungdomssjukehuset innandørs via tunnelsystemet.

Akuttpost barn og ungehttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/akuttpostAkuttpost barn og unge
Alderspsykiatrihttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/alderspsykiatriAlderspsykiatri
Ambulante tenesterhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/ambulante-tjenesterAmbulante tenester
Barneposthttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/barnepostBarnepost
Ganglaboratoriethttps://helse-bergen.no/avdelinger/ortopedisk-klinikk/ortopedisk-avdeling-haukeland/ganglaboratorietGanglaboratoriet
Habiliteringstenesta for barn og ungdomhttps://helse-bergen.no/avdelinger/barne-og-ungdomsklinikken/habiliteringstenesta-for-barn-og-ungdomHabiliteringstenesta for barn og ungdom
Konsultasjonspsykiatrihttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykosomatisk-medisin/konsultasjonspsykiatriKonsultasjonspsykiatri
Psykisk helsevernhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevernPsykisk helsevern
Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)https://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-ungePsykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Psykosomatikkhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/seksjon-for-psykosomatikkPsykosomatikk
Psykosomatisk medisinhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykosomatisk-medisinPsykosomatisk medisin
Seksjon for ECThttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/alderspsykiatri/seksjon-for-ectSeksjon for ECT
Spiseforstyrringarhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/spiseforstyrringarSpiseforstyrringar
Ungdomsposthttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/ungdomspostUngdomspost
Utviklingsforstyrringarhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/utviklingsforstyrringarUtviklingsforstyrringar

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.