Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus held frå januar 2019 til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Haraldsplass
 
 

Kontakt

Oppmøtestad
Hovudinngangen til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass ligg på bakkeplan, og er vendt mot Årstadveien.
Innanfor hovudinngangen finn du resepsjonen, som du kan ta kontakt med for generelle spørsmål.
Besøksadresse
Ulriksdal 8 (Google maps)
 

Buss

​Linjene 2, 3 og 80 passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppen i Årstadveien bort til nybygget.

Drosje/privat transport

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

Parkering

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

Apotek

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

Kiosk, kantine og mattilbud

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.