Brannbamsen Bjørnis-bilar
Ønskjer du å ta ein kjøretur i våre eigne brannbilar? Dei står plassert rundtom i fellesareala. Sett den gjerne på lading etter deg, så er den klar for neste eventyrfarar.
Bordtennis
Vi har plassert ut eit bordtennisbord som er fritt tilgjengeleg for bruk. Her kan du ta eit avbrekk med ein god kamp. Dersom det gir meirsmak er det kanskje fristande å melde seg på Tommy Urhaug sin bordtennisskule?
Flygel
Om du er musikalsk (eller ikkje) er du velkommen til å spele på eit Grotrian-Steinweg flygel av høg kvalitet.
PlayPulse-syklar
Gjennom å kombinera sykling og dataspel kan du leke og ha det moro, men samtidig snike inn litt trening. Her kan du spela åleine mot datamaskinen, eller i lag med fleire. Lag deg gjerne ein brukar om du ønsker å bygge opp spelaren din, eller benytt gjestemodus for å prøve.