Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling

Vi har landsfunksjon for planlagd (elektiv) hyperbar oksygenbehandling (HBO). Planlagd behandling går føre seg i seks einmannskammer på Haukeland universitetssjukehus, og vi tar imot pasientar frå heile landet.

Foto: Trykkammer
 

Seksjonen har også fleirregionalt ansvar for Helse Vest og Helse Midt-Noreg for akutt trykkammerbehandling. Akuttbehandlinga skjer i fleirmannstrykkammer på sjukehuset.

Hos oss er alle polikliniske pasientar. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Dei som bur i nærområdet bur heime. Sidan du er poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, ernæringsløysingar og alle hjelpemidlar som du brukar. Tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligg på sjukehusområdet.

Kontaktinformasjon

Trykkammeranlegget ligg i sørenda av Konrad Birkhaugs hus, sørvest for Sentralblokka på Haukelandsområdet. Det står «Trykkammer» på skiltet over inngangsdøra. Det er også mogleg å gå via underganger frå hotellet til trykkammeret.

Telefon:  55 97 39 74 | Faks: 55 97 51 37

Vi har døgnkontinuerlig dykkemedisinsk vaktberedskap. Kontakt oss via AMK-sentralen - Telefon 113

Her finn du oss - sjå kart over Haukelandsområdet:

Klikk på bildet for større versjon

kart over haukelandsområdet. Grafikk
Seksjon for hyperbarmedisin ligger i Konrad Birkhaugs hus, øst for Sentralblokka, og like ved Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys' hus.

Brosjyre og video

Velkomstbrosjyre - Hyperbar oksygenbehandling (pdf) Sjå video - Slik føregår behandling i trykkammer (YouTube)

Høyr intervju med seksjonsoverlege Guro Vaagbø - Om behandling i trykkammer (Soundcloud)

Kostnadar / eigendel

Du må betale eigendel for kvar behandling fram til frikortgrensa er nådd. Behandlingsutgiftar utanom eigenandel blir dekka av Rikstrygdeverket / Sosialdepartementet.

Du blir ikkje belasta for opphald ved Haukeland hotell.

Når det gjeld transport med båt, tog og buss, så må du sjølv bestille og betale for billetten og sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid.

Om det gjeld flyreise kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.

Ved poliklinisk legekonsultasjon må du betale eigenandel.

Nyttige lenkar

Vestlandspasienten (sjå dine timeavtaler) Pasientreiser Haukeland Hotell Helsenorge - Tilgang til egen journal

 

Fann du det du leita etter?