Forskingsposten har vore ein spydspiss

Det summa av entusiastiske jubilantar og begeistra gjestar i konferansesenteret Bikuben i dag. Dei kom saman for å smake på erfaringane etter 10 år med klinisk forskingspost på Haukeland.

Jubileumskake for Klinisk forskingspost 10 år
Jubileumskake for Klinisk forskingspost 10 år.

I 2003 byrja arbeidet med å opprette ein klinisk forskingspost ved Haukeland Universitetssjukehus. I 2006 kom vaksenposten på plass, og året etter blei sjukehuset det første i landet med eigen forskingspost for barn.

No er dei involverte 10 år klokare, og stolte av resultata dei kan vise til.
Nye og betre medisinar er blitt til undervegs og nye behandlingsmåtar er utprøvd.

- Det har vore viktig og vellukka. Det er av enormt stor verdi at Haukeland har vore i nærkontakt med fronten av klinisk forsking, seier tidlegare administrerande direktør Stener Kvinnsland.

Mykje drahjelp

Forskingssjef Ernst Omenaas har i alle desse åra leia forskingsposten, som har vakse frå å handtere nokre få studiar årleg til rundt 60 studiar i 2016 med til saman 1270 pasientvisittar.

- Det byrja i det små, med initiativ internt, men no kjem initiativa utanfrå. Klinisk forsking er høgt på dagsorden og vi får mykje drahjelp, seier Omenaas. Sjølv går han no av vakt og overlèt roret til Bjørn Tore Gjertsen som 1. november blir ny forskingsdirektør.

Ei pasienthistorie vart også delt under markeringa. Historia om ein kreftpasient som føler seg heldig som bur i ein by med eit universitetssjukehus der ein prøver ut nye medisinar. Noko som gjer at akkurat han no føler seg betre enn på tre år.

Overlege og professor Bjørn Tore Gjertsen, som er medisinsk leiar av klinisk forskingspost for vaksne, i samtale med Maiken Enge
Overlege og professor Bjørn Tore Gjertsen, som er medisinsk leiar av klinisk forskingspost for vaksne, i samtale med Maiken Engelstad frå Helse og omsorgsdepartementet.

 

Beskytte gjennom forsking

 - Dette miljøet er ein spydspiss for heile Noreg, og eg beundrar arbeidet og leiinga ved sjukehuset, seier Karita Bekkemellem, administrerande direktør for Legemiddelindustrien.

Barneposten ved Haukeland er leia av overlege og forskar Camilla Tøndel. Ho fortel at mange har møtt forsking på barn med skepsis. Tøndel meiner det er viktig å dreie haldninga frå å beskytte barn mot forsking, til å beskytte dei gjennom forsking.


Ny og enklare behandling

Svein Helge på 16 år er ein av dei som har deltatt i utprøving av ny medisin på Forskingspost for barn og unge. Det har han gjort sidan mai i år.  Han er uansett innom Haukeland fleire gonger årleg for oppfølging og synes ikkje det gjer noko å komme eit par gonger ekstra.
Tidlegare fekk han ei behandling som kravde tre injeksjonar dagleg. No tar han ei pille med same verknad. Den nye medisinen ser ut til å vere både enklare og betre.

 

Svein Helge var innom Forskingspost for barn og unge veka før 10-årsjubileet. På bildet tar han blodprøve.
Svein Helge var innom Forskingspost for barn og unge veka før 10-årsjubileet.

 


Både Svein Helge og far hans, Bernard, føler seg trygge på opplegget ved forskingsposten. Bernard syns det er betryggande at medisinen alt er testa ut på vaksne, og at sonens helsetilstand blir jamleg kontrollert medan han får den nye behandlinga.

- Risikoen er vel berre at det ikkje funkar, meiner Svein Helge.