Ikkje ein vanleg frysar

Biobank Haukeland er offisielt opna, til jubel frå forskarmiljøet i Bergen.

​Det var ei stolt og nøgd forsamling som møttest til opninga av Biobank Haukeland torsdag. Både samarbeidspartnarar og økonomiske bidragsytarar vart takka for biobanken som er den første av sitt slag her til lands.

- Dette er meir enn ein frysar. Den har lagringskapasitet til meir enn 2 millionar prøver med moglegheit for å utvide, sa seksjonsleiar Ann Cathrine Kroksveen då ho ønskte velkommen til opninga av Biobank Haukeland. 

- Ved hjelp av biobankar kan vi i framtida gje pasientane meir presise diagnosar, betre føreseie sjukdomsforløpet deira og gje dei målretta behandling, noko som utelukkande kjem pasientane til gode, sa Kroksveen.

Her kan du lese kva Dagens Medisin skriv om opninga

Seksjonsleiar Ann Cathrine Kroksveen viser frem Biobank Haukeland.

Også direktør ved Laboratorieklinikken, Gunnar Mellgren, var full av lovord om den nye biobanken i sin tale.
- Dette er ikkje berre ein lagringsfasilitet. Det er utvikla eit konsept der ein integrerer biobanken i sjukehusets daglege drift, sa han.
 - Dette vil bidra til endå meir og endå betre forsking i åra som kjem. 

Les meir om Biobank Haukeland

Biobank Haukeland er eit infrastrukturprosjekt ved Helse Bergen til 50 millionar kroner. 
 
Bidragsytarar er Haukeland universitetssjukehus, UiB, Forskningsrådet/Biobank Norge og Trond Mohn.
 
Målet til Biobank Haukeland er å tilby forskarar i regionen eit heilskapleg tilbod som inkluderer rådgiving, prøvetaking og lagring av prøvar, og på denne måten bidra til auka forskingskvalitet, forskingssamarbeid og forskingsproduksjon.
 
Gjennom Biobank Haukeland er Helse Bergen i front når det kjem til sentralisering av biobankaktivitet.
 
Biobank Haukeland er første prosjekt i Noreg som integrerer fullautomatisert biobanking med sjukehusdrift.
 
Biobank Haukeland skal ha kapasitet til å prosessere 140 000 prøvar årleg og total lagringskapasitet er på i overkant av to millionar prøvar.
 
Infrastrukturen er under stadig utvikling for å kunne tilby ei heilskapleg forskarstøtte. 
 
Håpet er at forsking på biobankprøvar i framtida vil bidra til meir presise diagnosar, prediksjon av sjukdomsforløp og meir målretta behandling. På denne måten vil biobankane kunne bidra til sikrare pasientdiagnostikk og forhåpentlegvis ei friskare befolkning. 


Stor dag

Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, gratulerte forsamlinga med dagen.
- Dette er ein stor dag for Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og for pasientane som har tillit til oss. Tillit til at det dei leverer til oss blir hos oss, og at det blir brukt til det det skal brukast til, sa han.

Bidragsytarane til Biobank Haukeland er Haukeland Universitetssjukehus, Universitetet i Bergen, Forskningsrådet/Biobank Norge og Trond Mohn. Det blei av mange retta ein spesiell takk til Trond Mohn for hans økonomiske stønad til prosjektet.

Seksjonsleiar Ann Cathrine Kroksveen viser rundt i lokalet.

Frå enkeltelement til system
Mange er nøgde med det dei fekk sjå under opninga av Biobank Haukeland.
- Dette er ein imponerande fasilitet, skryter rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.
- Det kjem til å endre måten vi tenkjer forsking på, frå å sjå på enkeltelement til å sjå på system, og det er til pasientanes beste.

Viktig for kreftforsking
- Eg trur biobanken kan bli veldig viktig for kreftforsking og for behandling, seier professor og overlege Per Eystein Lønning.

Hans forskingsgruppe ved Kreftavdelinga har hatt sin eigen biobank i tilknyting til kliniske studiar i 26 år. Lønning veit av erfaring at det er veldig ressurskrevjande og at det derfor ikkje er alle grupper som har anledning til å drifte slik verksemd for seg sjølv. Derfor er det bra at ein får eit generelt system på Haukeland, meiner han.

Dagens frontlinje innan kreftforsking handlar om å ta vev- og blodprøvar frå pasientar i kliniske studiar for å finne dei biologiske forandringane i svulstane som bestemmer kvifor noken reagerer godt medan andre reagerer dårleg på behandlinga.
- Her er biobankar heilt essensielle, fortel Lønning.

Professor og overlege Per Eystein Lønning i samtale med administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, og rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Det var pølsefest og god stemning under opninga av Biobank Haukeland.