Formålet med registeret er å kvalitetssikre og forske på smertebehandling hos inneliggande pasientar i sjukehus.
Ved hjelp av registeret ønsker ein å undersøke kva som har betyding for gode eller dårlege behandlingsresultat, biverknadar eller kva for ei betyding behandlinga har i relasjon til sosialmedisinske og helseøkonomiske forhold.
Datatilsynet har gitt konsesjon til registeret. Helse Bergen HF er databehandlingsansvarleg. Alle bruk av data frå registeret må godkjennast av Den regionale komité for medisinsk forskingsetikk (REK) og / eller andre offentlege instansar som lova krev.
Kva slags opplysningar blir registrert?
- Namn og fødselsnummer, diagnosar (innleggingsdiagnose og «smertediagnose»)
- Opplysningar om behandling som har blitt gitt tidlegare og som blir gitt no
- Evaluering av smerte-score, behandling og generell oppleving av behandling
- Kartlegging av ulike faktorar som har vist seg å påverke smerteopplevinga inkludert søvn, angst / depresjon, grad av katastrofetenking, bruk av rusmidlar
Samanheng med andre register
- Fødselsregisteret
- Kreftregisteret
- Reseptregisteret
- Norsk pasientregister (NPR)
- FD Trygd
- Forsvarets helseregister
- Skattedirektoratets databaser
- Registre i Statistisk sentralbyrå
- Nasjonalt register for leddproteser
- HUNT med biobank
- Tromsøundersøkelsen med biobank
- Norsk nakkeregister for degenerative tilstander
- Norsk kvalitetsregister for Ryggkirurgi
- PainOut
Frivilligheit og rettigheter
Registeret er frivillig og basert på informert samtykke. Den registrerte kan til ein kvar tid få innsyn i kva slags opplysningar som er registrert om seg sjølv og kunne få korrigert eventuelle feil. Om samtykket trekkast tilbake, kan han / ho få sletta innsamla opplysningar, med mindre opplysningane allereie er inngått i analyser, er brukt i vitskapelege publikasjonar, eller er innsamla i samband med legemiddelutprøving.
Konfidensialitet
Alle dei innsamla opplysningane blir behandla konfidensielt, og alle som arbeider med opplysningar frå registeret har teieplikt om forhold dei får kjennskap til.
Utlevering av opplysningar frå registeret vil bare skje til forskarar i form av avidentifiserte oversikter. Det vil seie at alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte identifiserande opplysningar. Det er kun autorisert personell knytta til registeret som har åtgang til namnelista og kan finne tilbake til den registrerte.
Har du spørsmål?
Kontaktperson
Lars Jørgen Rygh
Overlege
Seksjon for palliasjon og smertebehandling
Kirurgisk serviceklinikk
55975560
Nasjonale og regionale registre knytta til Helse Bergen