Les mer om den delen av Norsk intensiv- og pandemiregister som omfattar pandemi, på nettsida
Norsk pandemiregister.

NIR er bygd på opplysningar om pasientar som er behandla ved norske intensiveiningar. Føremålet med å samle desse opplysningane er å utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar, å gje rapport om verksemda ved norske intensiveiningar og skape grunnlag for forskning med behandling av pasientar ved intensiveiningar som emne.
Kva er intensivmedisin?
Intensivmedisin er overvaking og behandling av pasientar med trugande eller etablert
akutt svikt i èin eller fleire vitale organfunksjonar (lungefunksjon, blodsirkulasjon,
sentralnervesystemfunksjon osv.).
Kva kjenneteiknar intensivmedisinen?
Variasjon (heterogenitet) i pasientgrunnlaget. Det er mange ulike sjukdommar og skadar som kan føre til at ein pasient treng intensivbehandling. Intensivmedisinen tek difor hand om pasientar i alle aldersgrupper og med eit vidt spekter av medisinske tilstandar og diagnosar.
Spesialisering og høg ressursbruk. Moderne intensivmedisin føregår i eigne avdelingar/-avsnitt i sjukehusa, med spesialutdanna personale og avansert utstyr.
Lite standardisering. Det har fram til dei seinare åra i avgrensa grad funnest allmennt utbreidde standardar og etablerte retningsliner for intensivmedisinsk behandling.
Høg dødelegheit. Sidan intensivmedisinen tek hand om kritisk sjuke og skadde pasientar, er dødelegheita naturlegvis høgare enn på mange andre felt i medisinen. Likevel overlever kring 4 av 5 norske intensivpasientar sjukehusopphaldet.
Ulik organisering. Intensivmedisinen i Noreg er (som i andre land) ulikt organisert, både med tanke på drift, terapival og kvar avdelingane høyrer til i systemet. På mellomstore og mindre sjukehus er det vanleg at intensivaktivitet og overvaking etter operasjon føregår på det same arealet. I NIR-samanheng blir difor intensiv/overvakingsarealet brukt som ei fellesnemning.
Det finst generelle intensiveiningar (med «heile» spekteret av pasientar), medisinske og kirurgiske intensiveiningar, og også meir spesialiserte einingar, som til dømes barneintensiv, hjartemedisinsk intensiv og nevrointensiv.
Om Norsk intensivregister (NIR)
På lenken til Nasjonale medisinske kvalitetsregister kan du lese meir om føremålet med registra, om jus, personvern, lovverk og datatryggleik. Her finst også oversikt over alle registra med resultat.
Vedtekter_NIPaR (PDF)
Retningslinjer
Tidlegare årsmøte, fagdagar og seminarar
Presentasjonar frå årsmøte
Presentasjonar frå fagdagar
Presentasjonar frå registersemiar
Fagdag i NIPaR 2020
Aktuelle lenker
Rapport interregional arbeidsgruppe for intensivkapasitet mai 2022
The Scandinavian Society of Anaesthesiology Intensive Care MedicineNorsk anestesiologisk forening (NAF)
Svenska intensivvårdsregistret - SIR
Dansk Intensiv Database (DID)
Intensive Care National Audit & Research Centre (ICNARC)Intensivsykepleierne NSF (INSF)
Other languages
Kontaktinformasjon
Norsk intensivregister (NIR): norskintensivregister@helse-bergen.no
Norsk pandemiregister (NoPaR): norskpandemiregister@helse-bergen.no
Telefon:
Intensivregisteret: 55 97 70 56
Pandemiregisteret: 55 97 67 94
Mediahenvendelser
Alle mediahenvendelser skal gå gjennom
Kommunikasjonsavdelinga