Rettleiing for val av rett transport i Helse Bergen
Pasientens tilstand og behov er avgjerande for val av transport.
Her finn du rettleiar for rett transport i Helse Bergen:
-
Pasient kan reise på eiga hand eller bli køyrt
-
Pasient har behov for tilrettelagt transport
- Vurderinga tilseier at pasient ikkje kan nytte offentleg transport eller køyre privat.
-
Vurderinga krev rekvisisjon for tilrettelagt transport eller dokumentasjon på behov for å nytte eigen bil av helsemessige årsaker.
- Reise med drosje, rullestolbil, helseekspress (og fly) må bestillast via Avdeling for pasientreiser på
05515 / eRekvirering.
Nyttar pasient eigen bil av helsemessige årsaker må pasient vedlegge dokumentasjon frå behandlar i reiseoppgjeret sitt.
- For hjelp til den helsemessige vurderinga i forbindelse med ei pasientreise er det utarbeidd ein
nasjonal rekvirentrettleiar.
- Vis pasient til Avdeling for pasientreiser på 05515 ved behov for rekvisisjon på trafikalt grunnlag.
-
Pasient må ligge, men har ikkje behov for medisinsk tilsyn eller overvaking.
-
Pasient har behov for medisinsk overvaking
- Pasient må ha ambulanse
- Kontakt / bestilling - AMK
-
Pasient må ha tilgang på medisinsk utstyr
- Pasient må ha ambulanse
- Kontakt / bestilling - AMK
Plakat - Rett transport (PDF) Koronarelaterte pasientreiser
Rekvirerte reiser til / frå testing og koronavaksinasjon blir ikkje dekka av Pasientreiseforskrifta då dette er kommunen sitt ansvar i koronavaksinasjonsprogrammet.
Framgangsmåte frå 7.mars 2022
Rekvirerte pasientreiser blir igjen vurderte for samkøyring, også i vanleg drosje. Det er ikkje lenger behov for "koronaspesifikke køyretøy" eller å nytte store bilar for å oppretthalde avstand.
Pasienten sin medisinske tilstand skal ligge til grunn for vurderingar knytt til val av pasienttransport.
- Rekvirent må aktivt bestille åleine-transport dersom behandlar vurderer dette som medisinsk nødvendig.
- Åleine-transport må også bestillast til pasientar med bekrefta covid-19 smitte som er isolerte i sjukehus, på lik linje med andre pasientar som er isolerte i sjukehus.
- Det blir anbefalt at både sjåfør og pasient nyttar munnbind under transporten.
Dokumentasjonkravet er gjeninnført for reiser med privat bil av helsemessige årsaker frå 1. juni 2022
Grunna koronavirus-utbrotet vart det 12. mars 2020 innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser. Endringa innebar at pasientar fekk dekt tilleggsutgifter ved reise med eigen bil, utan dokumentasjon frå behandlar, på alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Ordninga blei avvikla frå og med 1. juni 2022, etter lettingar i tiltaka i samfunnet generelt. Dokumentasjonskravet blei gjeninnført og behandlar må no attestere for at pasient må nytte privat bil av helsemessige årsakar, for å få dekka tilleggsutgiftar som parkering, bom og ferge.
Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på
helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.
Generell rutine utanom opningstid
Elektronisk rekvirering av pasientreiser er tilgjengeleg heile døgnet alle dagar. Bestillinga blir då sendt til riktig transportør som utfører oppdraget.
Ved behov for endring, avbestilling eller ved spørsmål knytt til bestillinga, må du rette desse til Avdeling for pasientreiser på tlf. 05515 i opningstida vår.
Sjå våre opningstider
Utanom opningstida vår må transportør med avtale i aktuelt henteområde kontaktast direkte av rekvirerande behandlar.
Kontaktinfo til transportør med avtale
Ved reise frå eit område med særskild transportøravtale i eit tidsrom der avtale ikkje gjeld må pasient sjølv kontakte transportør ved endringar.
Oversikt over områder med særskilde avtalar
Dersom behandlar ikkje får eRekvirert
Dersom ein av ulike grunnar ikkje får eRekvirert i systemet utanom opningstida vår, kan papirrekvisisjonen nyttast.
Følg Rutine for driftsbrot
Rutine ved driftsbrot og bruk av papirrekvisisjon
Dersom elektronisk rekvirering ikkje er tilgjengeleg (ved nedetid/ driftsbrot) eller dersom ein ikkje får eRekvirert av andre årsaker -
skal behandlar kontakte Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 for å bestille pasientreiser.
Sjå våre opningstider
Dersom behandlar ikkje får rekvirert elektronisk utanom opningstida vår -
kan papirrekvisisjon nyttast. Papirrekvisisjonar bør vere tilgjengeleg på alle behandlingsstader og kan bestillast gratis her:
https://pasientreiser.no/helsepersonell/bestill-materiell
Behandlar fyller ut ein papirrekvisisjon og tar direkte kontakt med transportør som har avtale i aktuelt henteområde for bestilling.
Kontaktinformasjon til transportør med avtale
Transportør vil då merke bestillinga og på den måten godkjenne bruk av papirrekvisisjonen. Pasient kan ikkje nytte papirrekvisisjon utan at behandlar har vore i kontakt med transportør i forkant.
Ved driftsbrot når transportøravtale ikkje gjeld i området (særskilde avtalar)
Dersom elektronisk rekvirering ikkje er mogleg - kontakt Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 i opningstida vår for hjelp til å rekvirere.
Utanom opningstid må pasient få annan dokumentasjon frå behandlar på transportbehovet for å vedlegge søknaden sin om dekning av reiseutgifter i etterkant:
https://pasientreiser.no/helsepersonell/dokumentasjonskrav-ved-pasientreiser
Pasient må ordne transport sjølv og legge ut for reisa i tidsrom der avtale ikkje gjeld i området.
Oversikt over område med særskilde avtalar
Særskilde transportøravtalar i Helse Bergen
Helse Bergen har avtalar om køyring av pasientreiser med rekvisisjon i alle område. I dei fleste områda gjeld avtalane heile døgnet, men i nokre område er avtalar inngått for gitte tidsrom.
Følgande område har særskilde avtalar om køyring av pasientreiser med rekvisisjon:
Osterøy: avtale gjeld køyring med start i tidsrommet kl.06.00 – 18.00 alle dagar
Ølve og Hatlestrand (Kvinnherad): avtale gjeld køyring med start i tidsrommet kl.06.00 – 18.00 alle dagar
Ulvik: For lokale reiser i Ulvik gjeld avtalen køyring med start i tidsrommet kl.0600 – 18.00 måndag-fredag. For reiser ut av Ulvik kommune gjeld avtalen heile døgnet alle dagar.
Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasient skal hentast i området på eit tidspunkt der transportøravtale ikkje gjeld, må pasient sjølv bestille/ordne transport og legge ut for reisa.
Behandlarar/rekvirentar skal fortsatt vurdere det medisinske behovet og rekvirere reise i forkant. Rekvisisjonen vil automatisk følgje pasienten sin søknad om dekning av reiseutgifter i etterkant og fungere som dokumentasjon på transportbehovet.
Les meir om kva dette betyr for pasient og deg som behandlar/rekvirent
Oversikt og kontaktinfo til transportør med avtale i Helse Bergen
Support - eRekvirering
Avdeling for pasientreiser handterer support knytt til RekvirentID og passord i NISSY (eRekvirering av pasientreiser), og registrering av offentleg godkjente behandlingsstader/ behandlarar i Helse Bergen i forbindelse med pasientreiser.
Les meir om tilgangsstyring, brukernamn og passord
Deaktivert brukar / gløymt passord
Dersom du allereie nyttar e-rekvirering, men treng hjelp med passord i NISSY, kan du henvende deg via skjema for Gløymt passord eller deaktivert brukar i NISSY.
Når førespurnaden din er behandla, vil du få ein e-post/ SMS frå systemet med nytt passord. Vi prøver å svara ut alle innan 1-2 vyrkedagar.
Sjå rettleiing for korleis du sjølv kan endra din profil og få tilsendt nytt passord direkte frå systemet ved behov
Support over telefon og e-post
Ring 05515 - tast 7 (for support)
Telefon 05515 er betjent man-fre kl. 07.00 - 19.00, lør kl. 09.00 - 15.00
E-post support: eRekvirering@helse-bergen.no
For passord-support utanom vår opningstid kan Norsk helsenett kontaktast på
tlf. 24 20 00 00 (føresett at din brukar har ein e-post adresse eller mobil-nr knytt til seg)
Ny RekvirentID eller ny behandlingsstad/ behandlar
Behov for ein ny brukar ved behandlingsstaden, eller registrere ny
behandlingsstad/ ny behandlar?
Bestille ny bruker eller legge inn ein behandlingsstad i NISSY
Henvendelse om tilgang for å eRekvirere
For å eRekvirere må godkjent behandlingsstad og eventuelt behandlarar vere registrert/oppdatert i NISSY og vere tilknytt Helsenett.
Behandlarar kan rekvirere direkte i vårt system NISSY, eller via eige journalsystem (mange av dei største journalsystema har oppsett for pasientreiser)
Avdeling for pasientreiser set opp behandlingsstad med tilhøyrande rekvirentar i NISSY og gir nødvendig informasjon for oppsett av behandlingsstaden i journalsystemet, med RekvirentID og passord.
Ring oss på
05515 eller send ein henvendelse til eRekvirering@helse-bergen.no, så tar vi kontakt.
Sjå meir informasjon om
eRekvirering på
pasientreiser.no
Sjuketransport
Sjuketransportbilane køyrer pasientar som ikkje har behov for medisinsk tilsyn eller overvaking, men som må ligge under transporten. Tenesta er eit samarbeid mellom Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og Avdeling for pasientreiser.
Avdeling for pasientreiser bemannar bilen og har blå uniformering. Medarbeidarane er ikkje medisinsk personell, men har opplæring i å handtere pasientar med smitte og pasientar med behov for oksygen under transporten.
Sjuketransportbilen har plass til éin bårepasient og eventuelt éin følgeperson. Det er ikkje plass til rullestol eller utstyr utover klede/bagasje.
Sjuketransporten avlastar bruken av ambulanse og sikrar bedre utnytting av ressursar og personell for akuttberedskap.
Det er tre sjuketransportbilar i drift kvardagar i tidsrommet kl. 09.30-19.00 og desse utfører primært oppdrag med start i Bergen og nærliggande kommunar. Så langt det er mogleg vil sjuketransportbilane utføre desse oppdraga, resterande vil bli utført av ambulanse som båretransport.
Det er viktig at val av transport er kvalitetssikra som eigna for sjuketransport -sjå rettleiing for val av rett transport
Bestilling av sjuketransport (mån-fre)
- Ring Pasientreiser i Helse Bergen på 05515. Helsepersonell har eit eige tasteval for bestilling av sjuketransport som er ope frå kl. 08.00 - 17.00.
- Ved behov for båretransport i andre tidsrom må desse rekvirerast via AMK
Nyheitsbrev frå Avdeling for pasientreiser
Avdeling for pasientreiser sender ut nyheitsbrev til behandlarar og rekvirentar i området Helse Bergen HF ved behov.
Dersom du ikkje allereie mottek desse kan du registere deg her
Utsende nyheitsbrev: