Ventelister på Gynekologisk avdeling

Beredskapen på Kvinneklinikken er god for fødande, for kreftbehandling og for akutt hjelp, men situasjonen med auka sjukefravær blant tilsette har ført til at Gynekologisk avdeling har måtte avlyse mange planlagde avtalar.

Koronapandemien har ført til auka sjukefråvær blant tilsette på Kvinneklinikken, blant anna på Gynekologisk avdeling. For å sikre at kvinner med akutte blødningar, celleforandringar og liknande får nødvendig behandling har Gynekologisk avdeling måtte utsetje avtalar for andre konsultasjonar.

– Det har heile tida vore vanskelege prioriteringer, og mange kvinner som ventar på utgreiing, behandling eller kontroll for godarta gynekologiske lidringar har dessverre måtte vente mykje lengre enn vanleg, seier Heidi Thornhill som er seksjonsoverlege ved Seksjon for generell gynekologi.

Thornhill fortel at ventelista for nokre pasientgrupper for tida er meir enn tredobla samanlikna med før pandemien. 

– Dei siste vekene har vi mangla mange legar, sjukepleiarar, jordmødre og sekretærar kvar dag, enkelte dagar manglar vi 25 prosent av personellet. Som ein konsekvens av redusert bemanning har vi ikkje hatt andre val enn å avlyse planlagde undersøkingar og behandlingar; både i poliklinikken og på operasjonsstovene. Personellet vårt må arbeide der det er aller mest nødvendig, som på fødeavdelinga, og ved akutte lidringar som kan vere livstruande, seier Thornhill. 

– Vi er lei oss for å måtte avlyse timar. Vi ber om forståing for dette, og vil gi nye avtalar så snart det er mogeleg. Vi håper å få god arbeidsro til å behandle pasientar på vanleg måte når denne forhåpentlegvis siste pandemibølgja er over, seier Thornhill.

Eivind Hansen, administrerande direktør for Haukeland universitetssjukehus bekreftar at sjukefåværet fører til utfordringar.

– Gynekologisk avdeling er ein av fleire avdelingar som er i ein krevjande situasjon no på grunn av høgt sjukefråvær. Men eg trygg på at dei prioriterer rett og brukar ressursane sine der dei trengst mest, slik vi gjer på heile sjukehuset, seier Hansen.