I 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i nye lokale i Glasblokkene og her vil det vere familierom (einerom) til alle. Vi gler oss!
Fram til då har vi dei lokala vi har hatt i snart 100 år, men vi må teste ut om nye tilbod kan fungere, sjølv i gamle og til dels ueigna areal.
I dag har vi 30 plassar i fleirsengsrom og 15 plassar i familierom til bruk i barseltida. Dei barselkvinnene som treng det mest, blir prioritert når familierom skal tildelast. Vi har lang og god erfaring med at partnar får eiga seng på familieromma og kan ete alle måltid på avdelinga, mot å betale 500 kroner per døgn. Det vil vi halde fram med.
No legg vi òg til rette for at barselkvinnene på fleirsengsrom får bestemme sjølve kor mykje partnar skal vere til stades gjennom heile sjukehusopphaldet. På dei romma med fleire senger, vil partnar få tilbod om ein lenestol ved senga til mor og barn. Ved å betale 200 kr. per døgn får partnaren ete alle måltid på avdelinga.
Å gi god barselomsorg på fleirsengsrom kan vere ei utfordring, og vi er spente på korleis de vil oppleve det. Vi skal få det til om alle involverte viser ekstra omsyn til kvarandre. Derfor har vi laga trivselsreglar som vi oppfordrar alle til å følgje.
Trivselsreglane heng på alle barselromma våre. Vi som jobbar her har ansvar for å sørgje for at desse er kjende og kva dei inneber, men å respektere dei er eit felles ansvar.
Ver så snill å gje oss beskjed om det er noko vi kan bidra med for å få dette til på ein så smidig måte som mogleg.
LES MEIR OM BARSEL