Informasjon om timeavtale og besøk i Helse Bergen

Korona-pandemien er ikkje over, og vi har vi framleis nokre restriksjonar på sjukehuset for å hindre smitte. Dette gjeld både for pasientar og besøkande.

Information in English and other languages


  • Har du fått påvist koronavirus-smitte (covid-19) eller venter du på prøvesvar?
  • Er du i karantene?
  • Har du nokre av dei følgande symptoma? 
    • Feber
    • Hoste og/eller tungpust
    • Endra lukte- og/eller smakssans

Dersom du svarer ja på eit eller fleire av spørsmåla må du kontakte avdelinga der du har time. Du finn kontaktinformasjon i innkallingsbrevet ditt.

Tre​​ng du følgje til timen? 

Under koronavirus-epidemien ønsker vi minst mogeleg folk inn i sjukehuset for å hindre smitte. Samtidig skal sjukehuset legge til rette for at pasientar som har behov for det kan ha med pårørande eller nødvendig følgeperson ved innlegging eller polikliniske konsultasjoner.

Besøk på sjukehu​​set etter avtale 

Inneliggande pasientar kan få besøk, men framleis ikkje på same måte som før korona. Det er naudsynt med reglar, og tal på besøkande per pasient bør begrensast av omsyn til smittevern. Vi oppfordrar både deg som pasient og pårørande til å tenke over om besøket kan vente til etter utskriving. Alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling på førehand.

Før du kjem må du gjere deg kjent med gjeldande besøksrutinar:

  • Du må avtale besøk med aktuell avdeling på førehand
  • Besøk skal skje i visittid
  • Du må ikkje komme på besøk om du er i karantene​ eller har symptom på covid-19​​
  • Du må følge vanlege smittevernråd, som å vaske henger og  halde a​vstand til andre.

Sjå gjeldande reglar på Helsedirektoratets nettsider: Besøk – pasienter og beboere - Helsedirektoratet

Konsultasjon per​​ telefon eller video kan erstatte fysisk time

For deg som ikkje treng fysisk oppmøte for å få behandling, kan timen gjennomførast per telefon eller video. Du vil få nærmare informasjon om dette dersom det er aktuelt.​

Blodprøvetaking ved luftvegssymptom, inkludert uavklart koronatest 

Barn og vaksne med luftvegssymptom, inkludert dei som ventar på prøvesvar på koronatest, og som er tilvist oss for blodprøvetaking, skal nytte blodprøvetakingseininga i Ulriksdal Helsepark (timebestilling). 
 
Timebestilling for blodprøvetaking i Ulriksdal Helsepark, må avtalast på førehand på telefon: 55 97 31 00 . Rekvisisjon sendast elektronisk som vanleg. Pasientar tilvist frå Haraldsplass eller frå legekontor utan elektronisk rekvirering, må ha med papirrekvisisjon. 
 

Meir informasjon om korona 

Meir om korona-situasjonen på våre nettsider helse-bergen.no/korona 

In English