deltaker som klatrer

Energiteamet PBU

Energiteamet PBU gir tilbod om fysisk aktivitet til barn og unge knytt til Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge.

​"Frå vi blir fødde er menneske i bevegelse. Barn bruker bevegelse til kommunikasjon lenge før verbalt språk. Bevegelse er svært viktig i formidling og bearbeiding av følelsar. Saman med andre skaper bevegelse samhald og tryggheit, både med og utan kroppskontakt. Læring av nye motoriske eigenskapar skaper glede og meistring. Aktivitet er viktig for helse, og det førebygger både somatisk og psykisk sjukdom. "

Dette er noko av bakgrunnen for at Energiteamet PBU bruker fysisk aktivitet i eit integrert tilbod til barn og unge med psykiske lidingar. Vi gjennomførar våre tilbod i dei flotte lokala i Energisenteret for barn og unge. 

 

Kven er vi
I Energiteamet PBU er kunnskap og personleg engasjement vel så viktig som fagfelt. Energiteamet PBU består av lege, sjukepleiarar og fysioterapeut. Teamet har brei og variert erfaring frå psykisk helsearbeid, samt eigenerfaring og trenarerfaring frå ulike idrettar.

Bilder av instruktører i energiteamet


Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Har du time hos Energiteamet PBU møter du opp i Glasblokkene, ved resepsjonen.  
Telefon
480 19 012 

Telefonen blir besvart hovudsakleg tirsdagar og torsdagar kl 09:00-14:00
Utover desse tidene oppfordrar vi dykk til å sende sms.

Andre førespurnader
For andre førespurnader som ikkje gjeld trening eller praktiske spørsmål send epost til:

paul.joachim.bloch.thorsen@helse-bergen.no

Glasblokkene
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15(Kart)
5021 Bergen

Buss og bybane

Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland, Ibsensgate og Haukelandsveien.

 

Bybane

Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

 


Parkering glasblokkane

Det er innkøyring til Glasblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glasblokkene.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

 

Fann du det du leita etter?