RS-virus
Ein del foreldre er meir bekymra for RS-viruset no enn tidlegare. RS-viruset er eit virus som vi kjenner godt og som vanlegvis dukkar opp kvart år og gir forkjølelse i alle aldrar. Etter to år med pandemi er det no mange barn og vaksne som over lengre tid ikkje har hatt virusinfeksjon. Det er ikkje noko som tyder på at RS-viruset, eller andre vanlege luftvegsvirus, er farlegare no enn før. Lågare immunitet for desse virusa i befolkninga generelt, gjer at større barn og vaksne i større grad vil kunne bidra til å spreie smitte. Vi veit ikkje kor mange som blir sjuke, men erfaring frå land over heile verda viser at langt fleire barn enn vanleg vil bli sjuke med luftvegsinfeksjon også i år.
Bronkiolitt
Dei fleste barn får berre ei vanleg forkjøling av RS-virus og andre forkjølingsvirus. Ein liten del av desse får bronkiolitt. Dette er ein virusinfeksjon som ofte startar som ei vanleg forkjøling, men som hos små barn kan forårsake betennelse i dei små luftrøyra i lungene – bronkiolane – derav bronkiolitt. Hos eldre barn med alvorlege grunnsjukdommar, kan viruset også forårsake lungebetennelse.
Dei aller fleste som får bronkiolitt, treng ikkje innlegging. Dei blir forkjøla, det pip litt i pusten og dei pustar litt raskare enn vanleg, men dei aller fleste kan vere heime. Skyll nasen godt med saltvann, gi paracet og ev. ibuprofen som lindrar plagene, og tilby godt med drikke.
Hos nokon kan tilstanden forverre seg, og dei kan få behov for innlegging i sjukehus. Dette skjer typisk frå dag 3-6 i forløpet.
Ein skal oppsøke lege ved:
• Blåfarge på hud/lepper
• Pustevanskar med rask pust (> 60 min) og tydelege inndragingar (ein ser tydelege søkk mellom ribbebeina når magen jobbar)
• Pustevanskar som tydeleg går utover evna til å drikke, ete eller bevege seg
• Svært uroleg/kavete barn som ikkje finn ro hjå foreldre
• Svært slapt barn som ikkje reagerer adekvat på normal stimuli
• Barn < 3 mnd med korte pustestans
Dersom barnet blir lagt inn, treng dei aller fleste ikkje meir hjelp enn ernæring og eventuelt oksygen. Ein liten del treng litt trykkluft på nasen (ein CPAP), og i uhyre sjeldne tilfelle respiratorbehandling. Det går likevel bra med barna, og dei blir friske etterpå. Det er ikkje uvanleg at ein hostar i fleire veker etter ein bronkiolitt.
Kven blir sjuke?
I all hovudsak er det barn under 2 år som blir sjuke. Dei aller fleste av desse får også berre ei vanleg forkjøling. Barn under tre månader, særleg dersom dei er født prematurt, og barn med symptomgivande hjarte, lunge – og nevrologisk sjukdom, kan få eit meir alvorleg forløp.
Alle kan bidra til mindre smitte
Alle kan bidra til å hindre at mange blir sjuke. Vi kjenner godt til tiltaka som var under pandemien, dette gjeld også no:
• Vise god hoste- og handhygiene
• Ikkje besøke eller ha besøk av venner og familie som er luftvegssjuke
• Ikkje oppsøke større folkemengder (butikkar o.l.) når ein har ein pågåande luftvegsinfeksjon
• Hald spedbarn unna dei som er sjuke og unna store folkemengder (t.d. kjøpesenter) til vi ser at luftvegsvirusa avtar
Luftvegssjukdom hos barn som går i barnehage/barneskule
Barn i barnehage- og barneskulealder med rennande nase som einaste symptom, men elles er i god allmenntilstand, treng ikkje haldast heime eller testast.
Dersom barnet vaknar med feber eller er i nedsett form, må barnet vere heime. Når allmenntilstanden er god, symptoma avtakande og barnet har vore feberfri i minst 1 døgn, kan barnet gå på skulen eller i barnehage.