Hotellet har 179 rom. Samtlege rom har eige bad, TV og gratis trådlaus internettilgang.
På vårt hotell skal du som gjest vere trygg og føle deg vel. Vi har tilsette med solid sjukepleiefagleg bakgrunn som er til stades i resepsjonen døgnet rundt. Alle våre rom har to nødalarmar direkte knytta til sjukepleiar i resepsjonen.
Vi ønsker å skape eit miljø der gjestar kan trivast og føle seg heime. På hotellet sit vi tryggleik og komfort i høysetet, og vi har fokus på valfridom, sosialt fellesskap, meiningsfull fritid, forståing og omtanke og tryggleik.
Pasientar som ikkje har behov for å vere på sjukehus med 24-timars tilsyn og pleie, vil få eit godt og trygt botilbod hos oss. Pårørande kan vere med og bu saman med pasienten for å gjere sjukehusopphaldet betre og tryggare.
Booking og dekking av hotellutgifter
Alle pasienter og pårørende som selv bestiller rom ved Haukeland Hotell betaler for overnattingen direkte til hotellet ved ankomst.
For pasienter og eventuell pårørende som er kalla inn av sjukehuset som eit ledd i behandlinga vil sjukehuset bestille og dekke rom på hotellet.
Det er behandlande lege/avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus som avgjer om opphaldet ved hotellet vert dekka.
For reservasjon av rom for gjester som betaler selv:Ring:
55 97 68 00 eller mail til
haukeland.hotell@medirest.no Kvilerom
Kvilerommet ligg i 1. etasje på hotellet og kan nyttast av alle gjestane våre.
Leikerom
Leikerom for dei minste borna ligg i 1. etasje på hotellet.
Trimrom og vaskerom
Hotellet har eige trimrom og vaskerom i underetasjen.
Haukeland Medispa
Mattilbod
Alle våre faste måltid blir servert i ein triveleg spisesal for gjestane og deira besøkande.
Hotellet har eige kjøkken og menyen vår tar utgangspunkt i sunne råvarar, variasjon og kvalitet.
Spesialdiettar avtales direkte med kjøkkenet.
Opningstider:
Frukost
Måndag-fredag kl. 07.00-09.00
Laurdag-søndag kl. 08.00-10.00
Lunsj
Måndag-fredag kl. 11.30-13.00
Middag
Måndag-fredag kl. 16.00-17.30
Laurdag-søndag kl. 14.30-16.00
Suppe
Måndag-søndag kl. 19.30-21-00
Korleis komme til Haukeland Hotell
Med BUSS (linje 2,3 og 12)
Bussar frå sentrum stoppar i gangavstand til Haukeland Hotell.
Med TAXI
Drosjen kan køyre deg til døra på hotellet. Ta vare på kvittering og få den stempla på avdelinga.
Pasientreiser avgjer om du får dekka reiseutgifter. Ein føresetnad er at det vert reist på billegaste måte og
med kollektiv transport, om mogleg.
Med Bybanen fra Bergen Lufthavn
Ta Bybanen til Kronstad og deretter ca 10 minutters gange til Haukeland Hotell.
Med Flybuss fra Bergen Lufthavn
Flybussen er fra mars 2020 innstilt pga Covd19 pandemi.
Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotell alle kvardagar.
Rutetider på nettsidene til flybussen
Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland Hotell.
Frå Haukeland Hotell går det minibuss 10 over kvar heile time frå kl. 09.10 og til kl. 15.05 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen køyrer til Bystasjonen hvor det er overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.
Siste avgang frå Haukeland Hotell er klokka 15.05.
Rutetider på nettsidene til flybussenParkering
Haukeland Hotell disponerer nokre parkeringsplassar til utleie. Desse parkeringsplassane må tingast på førehand direkte til hotellet. Haukeland Univeristetssjukehus har parkeringsplasser for avgift.
Kafé og kiosk
Vår kafé og kiosk er døgnopen. Her kan vi by på eit variert utval av kaffi / te, mineralvatn, påsmurd mat, sjokolade/snacks, aviser, vekeblad og hygieneartiklar.
Møter og selskap
Pga den pågående Covid19 pandemien er antall deltagere i møterom/selskapslokale halvert.
Møtelokale
Haukeland Hotell har fire kurslokale i ulike storleika. Her har vi mogelegheit for å arrangere kurs for inntil 40-45 personar. Kursvertar vil til einkvar tid sørge for at kursdeltakarane har alt dei treng. Alle tekniske fasilitetar og utstyr er fritt tilgjengeleg.
Kontakt oss på telefon: 55 97 68 02
Selskapslokale
I selskapslokalet vårt «Stuene» kan vi arrangere selskap for inntil 50 personar. Haukeland Hotell har alle rettigheiter.
Kontakt oss på telefon: 55 97 68 02
KONTAKTINFORMASJON
Telefon: 55 97 68 00
E-post: haukeland.hotell@medirest.no
Haukeland Hotell
Besøksadresse
Jonas Lies vei 59 (Kart)
5021 Bergen