Rapport/kartlegging frå RKS om kommunesamarbeid
Det regionale kompetansesenteret i smittevern Helse Vest (RKS) skal, med bakgrunn i Forskrift om smittevern i helsetenesta §3-1, 2. ledd bistå med råd og rettleiing i smittevern til kommunale helseinstitusjonar, dersom kommunane ønskjer dette.
Hausten 2021 ble det gjennomført ei kartlegging av kva rolle Regionalt kompetansesenter helse Vest skal ha i samband med implementering av handlingsplanen for eit betre smittevern
Formålet med kartlegginga var å innhente erfaringar og informasjon om utført arbeid frå aktørar i helseregionen (til dømes helseføretak og Statsforvaltar) og nasjonalt (til dømes Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet). Det vart og innhenta erfaringar frå kommunane gjennom samtaler og spørreundersøking
Ei kort oppsummering av kartlegginga og plan for vidare arbeid er samla i rapporten: «Samarbeid med kommunehelsetjenesten».
Rapport: Samarbeid med kommunehelsetjenesten (PDF)
Handlingsplan for et betre smittevern
Høsten 2019 ble «Handlingsplan for et betre smittevern 2019-2023» vedtatt Helse- og omsorgsdepartementet.
Handlingsplan for et bedre smittevern
Handlingsplanen har to hovedmål:
- Redusere forekomsten av helsetjenesteassosierte infeksjoner (HAI) i helseinstitusjoner
- Bedre organisering og struktur av smittevernet i Norge
For å nå målsetningene er det satt opp 37 tiltak med tilhørende plan for gjennomføring og ansvarlige aktører. Kommunen har ansvar for følgende tiltak:
Samarbeid med FHI
Senteret har eit nært samarbeid med Nasjonalt folkehelseinstitutt og er involvert i fagutvikling på nasjonalt nivå, til dømes utarbeiding av faglege råd i handteringa av pasientar med antibiotikaresistente bakteriar samt som representantar i nasjonale referansegrupper og fagråd.
Sentrale punkt i vårt arbeid i 2022
Nettverk: RKS vil styrkje samarbeid mellom ulike nettverk. Vi planlegg fagdag smittevern for kommunane i Helse Fonna-regionen hausten 2022, andre regionar etter dette. Informasjon kjem fortløpande.
Sjå meir informasjon om kurs og fagdagar
Infeksjonskontrollprogram: Bistå kommunane i arbeidet med utforming, kvalitetsforbetring og iverksetjing av infeksjonskontrollprogram (IKP). RKS har etablert ei arbeidsgruppe som jobbar vidare med dette.
Sjå meir informasjon om infeksjonskontrollprogram
Ressursgruppe
RKS har oppretta ei ressursgruppe med representantar frå kommunar, føretak og nettverk for å sikre at tilbodet fortløpande vert tilpassa utfordringar og behov i regionen.
Ressursgruppen sine medlemmerBård Kittang
| Spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdommar, professor
| Bergen kommune, Enhet for sykehjemsmedisin, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Universitetet i Bergen
|
Laila Aarnes
| Smittevern
| Helse Førde HF
|
Ida Gaard
| Leiar, sjukepleiar
| Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Helse Fonna
|
Marit Holsvik
| Sjukeheimslege
| Kvinnherad kommune
|
Stefan Sudkamp
| Sjukeheimslege, Sør-Rogaland sykehjemsforum
| Stavanger kommune
|
Gro Anita Lund
| Smittevernsjukepleiar
| Voss Herad
|
Kathrine Sørum
| Fagsjukepleiar
| Sogndal kommune
|
Folkehelseinstituttet (FHI): Smittevern i institusjonar